Unge Venstre og FpU vil fjerne verneplikta. DEBATT: Kva meiner du?

mm

 I dag blei det kjent at den forsvarspolitiske tankesmia til Arbeidarpartiet vurderer å innføre obligatorisk pliktår for alle ungdomar etter vidaregåande.

Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn reagerer på forslaget. Til Framtida.no kallar han det hårreisande bruk av tid, pengar og statleg tvangsmakt å krevje at alle ungdomar skal slave eitt år for staten.

– Det er tydeleg frå Forsvaret sin noverande vernepliktspraksis at det ikkje er nødvendig å kalle inn ungdomar med tvang, det er meir enn nok frivillige som vil gjere ein innsats i uniform. At Arbeidarpartiet i denne situasjonen ser seg nøydde til å finne på eit eller anna tvangsarbeid dei kan setje norsk ungdom til, er illustrerande for dette partiet sitt syn på fridomen til einskildmennesket, seier han.

– Å utvide verneplikta er å ta frå ungdomane høve til verdifull utdanning eller arbeidserfaring, og bryt dessutan med forbodet mot tvangsarbeid i Den europeiske menneskerettskonvensjonen, avsluttar Rotevatn.

I tillegg til Unge Venstre, er det berre Framstegspartiets Ungdom som har programfesta avvikling av verneplikta blant dei politiske ungdomspartia. Dei andre er positive til verneplikta, og alle med unnatak av KrFU, har programfesta at verneplikta skal vera for både kvinner og menn.  

BLI MED I DEBATTEN! Er det på tide å erstatte verneplikta med ein profesjonell hær i Noreg?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

LES OGSÅ

ANNONSE