Noreg har enno verneplikt, men i 2009 var det berre 7600 personar som fullførte førstegangstenesta. Dette utgjorde nær 12 prosent av dei innrullerte frå begge kjønn.
– I mange år har me lukka augo for at verneplikta har blitt svært selektiv. Men verneplikt må me ha. På sikt, i tillegg til militærteneste, kan det å innføra ei brei, obligatorisk samfunnsteneste for både jenter og gutar difor vera interessant, seier Marit Nybak til Dagsavisen. Ho er stortingsrepresentant og ein viktig forsvarspolitikar i Arbeidarpartiet.
Ho får støtte av partikollega Monica Mattsson som meiner at ei form for samfunnsteneste er gunstig for å støtta opp under viktig samfunnsfunksjonar, samstundes som det vil gjera systemet meir rettferdig enn i dag.
Færre land med verneplikt
Tyskland er det siste store landet i EU som har avvikla verneplikta, då dei vedtok dette i fjor. Frå 1. mars i år blir berre frivillige tatt inn i militærteneste her. Også i Ukraina er verneplikta i ferd med å leggjast ned. I tillegg til Noreg er det no berre Danmark, Finland, Sveits, Austerrike, Russland, Estland, Moldovia, Kvite-Russland, Tyrkia og Hellas som held på verneplikta i Europa.
Enno er det 14 land som har verneplikt også for kvinner.
Kva meiner du om forslaget? Er det på tide at alle har eit pliktår til teneste for samfunnet?