Ap mest pop blant dei unge

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dersom det hadde vore kommunestyreval i dag, ville Høgre ha teke langt fleire plassar i kommunestyret enn ved forrige val. Høgre ville òg ha teke over langt fleire ordførerkjeder rundt om kring i landet frå dei tradisjonelle ordførerpartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Det viser Norfakta og Landslaget for lokalaviser (LLA) si siste meiningsmåling.

Før valkampen er i gang på alvor, har Norfakta og LLA spurt folk i heile landet om kva dei ville ha røysta dersom det var kommunestyreval no. Svaret frå veljarane er tydeleg: Høgre får meir enn ti prosentpoeng større oppslutning enn ved valet for fire år sidan. Nesten alle andre parti går tilbake.

Den siste målinga gjev Høgre enn oppslutning på nestan 30 prosent. Høgre er dermed største partiet dryge tre månader før valet. Arbeidarpartiet er med sine 26 prosent ein god nummer to, medan Frp er det tredje største partiet i kommune-Noreg.

Størst blant dei unge
Blant veljarane under 30 år, seier nesten ein tredjedel at dei ville ha røysta Arbeidarpartiet. I desse dagane framstår difor Ap som det leiande ungdomspartiet. 23 prosent av dei yngre veljarane seier ja takk til Høgre sin stemmeseddel. SV får ti prosent av stemmene til dei unge.

LLA sin meiningsmåling er ein del av lokalavisene sitt Ung & engasjert-prosjekt, eit arbeid som skal styrkja interessa for lokal politikk og samfunnsengasjement.

Kva meiner du valkampen bør handla om?

Faktaboks

Parti / Oppslutning juni 2011 / Kommunevalet 2007 / Endring

Ap / 26,1 / 29,6 / – 3,5
FrP / 16 / 17,5 / – 1,5
Høyre / 29,6 / 19,3 / + 10,3
KrF / 5,4 / 6,4 / – 1
Sp / 5,9 / 8 / – 2,1
SV / 5,7 / 6,2 / – 0,5
Venstre / 4,9 / 5,9 / – 1
Rødt / 2,4 / 1,9 / + 0,5
Andre / 4,1 / 5,3 / – 1,2