– Tilbakeståande bavianskalle

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tilbake- ståande bavian- skalle

Stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) la ut eit innlegg på bloggen sin mot Høgre sitt vedtak om å fjerne sidemålsundervisninga frå den norske skulen. Han fekk eit rasande svar på epost. Pollestad la meldinga frå nynorskhataren ut på bloggen sin utan namn på avsendaren.

Nynorskhataren presenterer først ei rekkje analogiar til Pollestad sin uttale om at ein ikkje kan norsk om ei berre kan bokmål. Sidan skriv avsendaren:

”Din idé om kultur og identitet, som nynorsken skal forsvares på grunn av, er for 80 % av landets befolkning en balje med stinkende, råtnende diaré, som du og dine likesinnede svømmer rundt i mens dere synger nynorske viser. 80 % er selvfølgelig ikke nok for en tilbakeståande bavianskalle som deg, ikke 99 % heller. Så lenge du selv er overbevist om noe, er det nok for deg til å støtte den systematiske voldtekten av demokratiske prinsipper som lovpålagt sidemålsundervisning er”.

Det sluttar ikkje der:

”Bavianskaller har aldri like demokrati noe særlig, de forstår ikke hvorfor de skal måtte respektere hva et flertall mener når de tror de har rett i noe. Derfor forstår ikke du hva demokrati er og derfor driter du i at nesten hele Norges befolkning hater nynorsk og folk som deg så lidenskapelig at de ønsker Ivar anus-Aasen vekket til live for å brenne ham på et bål av nynorsk ”litteratur”…”.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

Og det blir endå verre. Det kan du lese her!

– Eg veit at det er folk som har eit intenst hat mot nynorsk, men eg har aldri opplevd at dei uttrykkjer seg på ein slik måte. Det var vel kanskje i overkant frodig skrive, men det var få skrivefeil og det er uvanleg i denne typen epost, seier Geir Pollestad til lnk.no.

– Eg lo mest då eg las han, det blei jo berre verre og verre, legg han leande til.

Nynorskhataren sørgde for at fleire tusen var innom bloggen til stortingsrepresentanten via Twitter, så på den måten har han eigentleg gjort Sp-politikaren ei teneste. Geir Pollestad har skrive eit svar til nynorskhataren på jærdialekt.

– Det undra meg litt at han trudde eg var frå Bergen, sjølv om eg har budd og studert der i seks år. Dét er vel det einaste eg blei litt fornærma for, seier Pollestad med smil i røysta.

LES SAKA I LNK.NO!