Aksjonerer for sykkelsti

Miljøpartiet De Grønne (MDG) i Strand vil visa at dei meiner alvor når dei laurdag arrangerer aksjon for sykkelsti mellom Tau og Jørpeland.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laurdag skal dei og andre som vil ha sykkelsti, sykla og markera engasjementet sitt. På torget i Jørpeland sentrum vil arrangørane halda ein kort appell om sykkelsti, før dei og andre som ivrar for sykkelsti, skal sykla av garde til Strandastøa på Tau, og deretter tilbake til Barkavika.

Jan Thiessen opplyser at Miljøpartiet De Grønne vil setja lys på satsing på dei mjuke trafikantane som syklistane er. Han meiner Strand av naturlege grunnar er ein bilkommune, og han synest det trengst å få fram andre moglegheiter. Thiessen vil at folk skal bli glade av å sjå ein syklist.

MDG utfordrar gjerne Ryfast. Partiet meiner at Ryfast vil forsterka fokuset på bilismen og ikkje dei mjuke trafikantane. Partiet synest det er på tide at syklistane også blir prioriterte. Sykling har både helsemessige og samfunnsmessige effektar.

LES OGSÅ: Færre ungdommar syklar

– Kom i gang med det det går an å gjera, det er viktig for folk, seier han engasjert, og rettar henstillinga til politikarane om å prioritera gang- og sykkelsti høgt på lista.

Strand Venstre er også med på sykkelaksjonen. Strandbuen skreiv nyleg om Venstre-politikar Vebjørn Moen, som dagleg pendlar med liggesykkelen sin, han skal også delta. Venstre ser på seg som miljøparti.

– Dette er eit svært godt miljøtiltak som Miljøpartiet har sett i gang, det støttar opp om det Venstre ønskjer å få fram, seier Vebjørn Moen.

LES SAKA I STRANDBUEN!