Tannlegen avslører snusing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ja, me som jobbar i tannhelsetenesta ser lett endringar både på tenner og tannkjøtet når folk snusar eller røykjer, seier Espedal Vold, men understrekar kjapt at ho ikkje har noko mål om å driva skremselspropaganda eller vera moraliserande.

Uroa for unge jenter
I dag er Verdas tobakksfrie dag, og temaet for dagen er sal av tobakk til unge.

Fleire og fleire unge snusar, og i tannlegestolen er det sjeldan hjelp i å protestera når tannlegen konfronterer deg med dei usunne vanane.

– Me spør som regel om det og seier dei ja, er det opp til pasienten i stolen om vedkomande vil høyra meir om kva tannsjukdomar dei kan få når dei røykjer eller snuser, seier Espedal Vold, som er spesielt uroa for den auka snusbruken hjå unge jenter.

Tannkjøtproblem, misfarging av tennene, dårleg ånde og i verste fall tenner som ramlar ut, er direkte konsekvensar av bruk av røyk og snus. Sjølv om tannlegen ikkje vil vera moraliserande, er Espedal Vold så direkte at ho oppmodar dei unge om å slutta.

Tennene kan ramla ut
– Det er utruleg avsløra at dei til dømes snusar, og dersom eg spør dei direkte om kor mykje dei snusar før eg får noko stadfesting på at dei gjere det, vert dei fleste veldig overraska.

Overraskinga kan gjerne gå over til uro, når dei vidare får høyra konsekvensane av misbruket.

– Me legg ikkje sjul på at røyk og snus er hovudårsaka til at ein får sjukdomar som i verste fall fører til at tennene løysnar og du mistar dei, seier tannlegen.