– Bygda er det nye Grünerløkka

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bygda er det nye Grüner- løkka

Det er eit år sidan Tobias(1), Eva og Karl-Kristian Waatkaar-Kahrs, valde å flytte frå ein bygard på Torshov, og oppover Ottadalen til Vågå.

– Vi flytta frå bråk i nabolaget, lange køar og dårleg plass, fortel paret. Til dyr i barnehagen, dialekt og utsikt mot Jotunheimen.

Lamming og lokalavis
– Barnehagen åt Tobias er grunn god nok til å bu her, seier Eva og Karl-Kristian.

– Nå i vår får ungane vera med på ei lamming. Det er noko ein ikkje får oppleve i hovudstadsbarnehagene.

LES OGSÅ: Færre vil til storbyane

– Naturen er det mest openbare å skryte av med å bu her, og vi kjem oss nok meir ut enn før, fortel paret.

– Elles er det ganske fint med at ein kan vera oppteken av det ein vil, sjølv om vi abonnerar på Klassekampen og Morgenbladet, er det lokalavisa Fjuken vi les frå perm til perm.

Åtgaum
– Eit godt tips er jo å reklamere litt for seg sjølv når ein fløt til bygda, ler Eva. Familien fekk oppslag i både lokalaviser, Nationen og P3, då dei fløtte. Mykje handlar om familien sin eigen blogg, Vågåflytte. Det kan altså lesast om å flytte åt Vågå, men like mykje om å våge og flytte.

– Får du litt merksemd om deg sjølv, då veit jo folk kven du er når du er, frå fyrste tur på butikken, seier Eva.

Ikkje vagværar
– Vi flytta hit for eit år i fyrste omgang. Det er nok eit av dei beste tipsa for folk som vil flytte ut i distriktet, at det ikkje treng vera for alltid, seier paret. Etter ein dag følte dei på seg at dette var staden dei kjem til å bu. Likevel føler dei seg ikkje som vagværar, men det ikkje noko problem.

– Det er ofte ein fordel å koma frå byen sjølv. Om så er det kanskje nokre ting vi har litt andre tankar om, til dømes skulestruktur.

Eva og Karl-Kristian bedyrar at dei berre har sett framsida av det velkjende bygdedyret. Diktaren Tor Jonsson som skapte omgrepet, kom frå nabokommunen Lom.

– Vi hadde nok nokre fordommar.

– Men vi har jo plukka opp dialekten fort, og kaffimaskin var ein prioritert budsjettpost.

Rock og nye rørsle
Det er eit kjent faktum at vegen frå Vågå til Oslo, er kortare enn vegen frå Oslo til Vågå. Familien har kjent på saknet frå besteforeldre i nærleiken, høve til å berre gå ut å ta ein øl, og kulturlivet i hovudstaden.

Saknet etter konsertar har vorte til ein rockefestival. Saman med andre innflyttarar, skipar paret til JutulRock. Der mystikk og blues er nokre av ingrediensane.

LES OGSÅ: Knuser myten om heimatt-tenking

– Eg trur folk er litt ferdige med Grünerløkka, og at vi ser ein ny trend, seier Eva. Ho meiner det kan vera ein fordel å vera stolt av folketradisjon, å ha litt sansen for bunader og folkemusikk, for å trives på bygda.

– Men er det ikkje så himla stort!

– Det er jo ikkje farleg, så det er jo berre å flytte på bygda, oppmodar Eva.