Dumdum Boys og islam – ein analyse

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dumdum Boys og islam har mykje felles: Forbausande mange tilhengarar til å vere såpass gamle. Ganske høgt lydnivå. Tekstar som kan tolkast i mange retningar. Og dei får fram det verste i oss.

I det siste har islam som vanlig blitt diskutert ein del gonger her i landet. Og som vanlig har vi blitt minna om at dersom du er kritisk til islam, så er du rasist og muligens ein liten Hitler-elskar. Og dersom du argumenterer mot nokon som er kritisk til islam, så er du sannsynligvis ein varm tilhengar av ekstremisme og dreping.

Det er få andre diskusjonar som sporar av like fort og konsekvent som diskusjonar om islam.

Det einaste måtte vere diskusjonar om populærmusikk.

Om nokon sett opp ei liste over verdens eller Norges beste songar eller artistar, så kan du vere heilt sikker på at minst fem menn med sviktande hårfeste umiddelbart reagerer med avsky og litt for store ord. Og så kjem det skuldingar om historieløyse, inkompetanse og manglande forståing for rockens vesen. Og hint om storleik på kjønnsorgan. Og så blir det usaklig. Og då har du gåande ein diskusjon som kjem til å vare så lenge det finst musikkjournalistar som kjeder seg på jobb.

Denne veka blei det lagt fram ei liste på femten kandidatar til det norske rockmuseets Hall of Fame. Fjorten sekund seinare var sinte menn kritiske og spurde kvar det blei av Dumdum Boys. Og Raga Rockers. Og Erik Bye. To sekund seinare var ordet «skandale» i bruk.

Som sagt: Dumdum Boys og islam. Dei får fram det verste i oss.

Og diskusjonar om Dumdum Boys og rockmuseum, det får no så vere. Menn med sviktande hårfeste kan få halde på med sitt. Dei er ganske søte når dei er sinte. Og dei plagar forsåvidt ingen.

Forsåvidt.

Men det hadde kanskje vore greitt å kunne diskutere religion utan å bli kalla verken Hitler eller tilhengar av dreping. Alle som har blitt kalla draps-fan eller Hitler-diggar, veit at det ikkje er noko hyggelig.

Så kva kan vi så gjere for å få slutt på avsporingane av desse diskusjonane?

Mitt forslag er å slite ut folk.

Eg vil med dette ta initiativet til ein folkeaksjon. Eg foreslår at så mange som mulig i ein periode diskuterer alle saker med like stor hang til avsporing og like liten vilje til velvillig tolking. La oss prøve å halde det gåande i – tja, seks månader? Om vi er mange nok, så vil alle i løpet av dette halve året forstå at vi kan ikkje halde på slik, og så blir alle betre menneske og samfunnet går i positiv retning gjennom samhandling og vilje til kompromiss.

Det er ikkje vanskelig.

La oss seie at personen i kassa på butikken spør om du vil ha pose. Då svarer du for eksempel:
«Synest du eg ser ut som typen som liker plast? Eg støttar ikkje det systemet du sitt her og rosar opp i skyene, eit system som fremjar auka forbruk, vettlaus sløsing og øydelegging av planeten. Det er di skuld at jorda går under.»

For eksempel.

Eller la oss seie du møter eit vennepar som har bestemt seg for å feriere i Norge i sommar. Då seier du for eksempel:
«Så de liker ikkje utlendingar? Rasistar.»

Eller:

«Norge altså? Ikkje Syden? Har de noko imot Syden? Liker ikkje pakketurar? Liker ikkje store grupper med menneske i Sør-Europa? Det har skjedd før at folk har hatt noko imot grupper av menneske i Sør-Europa. Har de høyrt om Ratko Mladic?»

Ser du? Det er ikkje vanskelig. Og det kan brukast i diskusjonar om alle saker. Om nokon seier til deg at dei synest det var litt artig at han anonyme forfattaren klarte å halde identiteten sin skjult så lenge, så svarer du sjølvsagt:

«Så du synest det er stas med hemmelighald? Du vil helst leve i eit samfunn der media ikkje har innsyn? Der maktmenneske kan halde på med sitt utan kontroll? Viss du er så himla glad i korrupsjon, så kan du vel flytte til Aserbajdsjan.»

Det er lett. Og – det må seiast – det er litt artig. Men det blir veldig slitsamt i lengden. Det er i alle fall håpet. Slik skal vi med denne aksjonen slite ut folk og på sikt sørge for eit betre debattklima i Norge.

Vi startar no. Lykke til, alle saman.

Og om nokon meiner dette er ein barnslig aksjon, så har eg berre ein ting å seie til det: Folk syntest det var barnslig å ta avstand frå Hitler også.

Denne artikkelen stod først på trykk i Aftenposten 28. mai.