– Slår beina under klimaarbeidet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Slår beina under klima- arbeidet

Gasskraftverk utan reinsing, vegtrafikk og transport bidreg mykje til auken som tilsvarar 2,5 millionar tonn CO2 frå 2009 til 2010. Aldri før har klimagassutsleppa frå Noreg vore større. Natur og Ungdom krev no ein raud-grøn snuoperasjon i klimapolitikken.

– Dette er ein raud-grøn utsleppsauke. Med Arbeidarpartiet i spissen har regjeringa systematisk lagt til rette for utsleppsauke gjennom gasskraftverk utan rensing, og transportplanar som legg til rette for meir bruk av bil og fly, seier Ola Skaalvik Elvevold, leiar i Natur og Ungdom til Framtida.no.

No krev Natur og Ungdom snuoperasjon i klimapolitikken, som tek tak i dei som forureinar aller mest.

– Regjeringa sine manglande tiltak overfor gasskraftverka på Mongstad og Kårstø er saman med transportpolitikken i ferd med å slå beina under heile den norske klimapolitikken. No er det på tide at regjeringa byrjar å ta tak i dei som forureinar aller mest, seier NU-leiaren.

LES SISTE KLIMA-NYTT HER!

Han legg til at regjeringa må setja seg høgare mål om kutt, og sørgja for at ein har dei verkemidla som må til for å nå desse måla.

Mål: Lågutsleppssamfunn
– Me har lukkast med mange klimatiltak, men må gjennomføra endå fleire for å få utsleppa til å gå ned. Det er ingen liten jobb. Ifølgje klimaforliket skal me ikkje berre kutta utsleppa i 2020, men Noreg skal vera på veg mot eit lågutsleppssamfunn, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim (SV).

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå viser at olje- og gassverksemd, industri og transport står for om lag 80 prosent av alle utsleppa. Aldri før er det registert så høge utslepp i Noreg.

– Dei nye tala stadfestar at jobben med å få ned utsleppa fram mot 2020 både er krevjande og viktig. No jobbar vi intenst for å kunne kome med nye tiltak og verkemiddel i klimameldingen til hausten, seier Solheim i ei pressemelding.

Klimaeffektive køyretøy
– Viss eg skal tenkja høgt, så kan meir miljøvennleg kjøretøyteknologi og meir bruk av kollektivtransport inngå i ei løysing, held miljøministeren fram.

Han har òg merka seg forslag om å opprette eit klimafond etter modell av NOx-fondet. Oljeindustriens landsforening har foreslått seg sjølv inn i ein slik fondsløsning.

– Det er fleire interessante tankar innanfor andre sektorar som bygg, avfall og jordbruk. Fleire peikar på at auka produksjon av biogass kan vere ein av løysingane. Det er ein spennande tanke at Noregs neste gassfelt faktisk kan liggja i ein haug med kumøkk på den norske landsbygda, seier Solheim.

LES MEIR: – Må bli dyrare å køyra bil i Noreg

Ifølgje klimapanelet til FN må samla global reduksjon vera på 50–85 prosent innan 2050 i tilhøve til 2000-nivået, viss ein skal klara målet om å unngå ein temperaturauke på meir enn to grader over nivået ved førindustriell tid.

– Me veit ikkje korleis Noreg vil sjå ut når overgangen til eit lågutsleppssamfunn er gjennomført. Men me veit at me i større grad må over frå fossile til fornybare energiformer, og me må utnytta energien langt meir effektivt enn i dag. Samfunnet må i større grad vera tilrettelagt for klimavennlege alternativ og redusert transportbehov, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Korleis meiner du Noreg bør finna vegen inn i lågutsleppssamfunnet?