Bloggande avbrekk

Anita Svendheim
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å anbefale bøker i desse eksamenstider er nesten umogeleg. Det næraste einkvar avgangselev kjem ei god historie så seint på våren er eksempelhistoriene i biologiboka, rekneforteljingane mattelæraren kjem med dersom han har ein ekstremt kreativ dag eller sladreblada du kjøper på veg heim frå landstreffet med den raude buksa full av kluss frå personar du ikkje anar kven er.

Det er slike desperate tider me har bloggar for. Korte, inspirerande og herlege innlegg som får deg til å gløyma historiekvissen som ventar på deg neste dag.  Det er nemleg det som er så bra med bloggar – dei er så enkle, men likevel så inspirerande. Her kjem er liste over dei finaste bloggane av dei fine:

Dei fine som alle har høyrd om, men som berre må bli nemnd likevel:

http://norske-hemmeligheter.blogspot.com/ – Når du les denne bloggen får du den same følelsen som du får når den beste venninna di lener seg over til deg med dei auga som lyser av at du ikkje skal seie dette vidare til nokon. Du får følelsen av å vera med på noko som ingen andre får lov til å vera med på. Hemmelegheitene er fine og triste og såre og trøystande, men viktigast av alt er dei verkelege. Du kan kjenne deg igjen i det folk skriv, eller ikkje kjenne deg igjen, i det minste føler du deg litt mindre åleine når du klikkar ut av bloggen.

http://www.givesmehope.com/
– Når alle innleveringsfristane på it’s learning blinkar raudt og den sjuande kaffikoppen den timen har blitt tømd er det på tide å ta eit lite avbrekk. Då er det ingenting som er betre enn denne bloggen. Ikkje før du har vore innom her skjønar du at fem setningar kan fortelje ei heil historie. Ei historie som får deg til å le, som får deg til å grine og som gir deg litt ekstra påfyll av håp.

Dei fine utanlandske:

http://brandonkidd.net/blog/ – Dette er bloggen der du berre blir sitjande å bla og bla heilt til du finn ut at klokka er sju, og du burde ha starta på innleveringa for to timar sidan. Bilda er heilt fantastisk fine, og motiva om mogleg ennå finare. Bak desse bilda står to personar som reiser over heile verda og tek bilde i ulike bryllaup. Der er raude, kinesiske bryllaupskjolar og forlovarar i cowboystøvlar. Betre enn det får du det ikkje, spør du meg.

http://thedrifterandthegypsy.blogspot.com/ – Dersom du likar rosa hus, sommarfuglar i håret, franske gater og den herlege følelsen ein får av å sitje på fortauskanten med ein kopp te er dette bloggen for deg. Den er full av inspirerande bilde og små kvardagslege tekstar. Eit must å ha i mappa saman med alle dei andre bloggane du klikkar innom med jamne mellomrom.

http://9-eyes.com/
– Her er mannen som legg ut printscreen-bilde av det som kjem opp medan han sit på google earth. At noko så enkelt kan vera så fint blir eg like overraska over kvar gong eg snokar på bloggen hans. Klikkar du innom her kan du ein gong for alle sjå at det i verkelegheita er dei tilfeldige augeblikka som er dei vakraste.

Dei fine norske:

http://worldofmikee.blogspot.com/ – Å klikke innom bloggen hennar er som ta steget inn i ei kjærleiks verd full av pastellfargar. Tekstane er velskrivne, bilda så vakre at eg skiftar bakgrunnsbilde på dataskjermen min minst tre gonger fordi eg ikkje klarar å bestemme meg og jenta sjølv heilt herleg. Verkeleg ein eineståande blogg!

http://gietlitevink.blogspot.com/ – I desse eksamenstidene er det sjeldan eg orkar å setje meg ned for å lese ein heil tekst, med mindre det er russeknutane våre eller denne bloggen her. Tekstane er så inspirerande og annleis at eg berre må lesa dei til trass for at eg er lei av alt som minnar om bokstavar, tal og alt anna som krev noko som helst form for tenking. Maren let oss verda fluge på veggen under hennar usedvanlege gode evne til å hamna opp i samtalar med menneske som er litt utanom det vanlege. Målet hennar når ho blir stor er jo trass alt å få seg ein katt.

Denne artikkelen blei først publisert i Magasinett!