Klar til kamp mot kraftmaster

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klar til kamp mot kraft- master

– Sivil ulydnad må til i Hardanger. Me kan ikkje akseptera dette overgrepet mot demokratiet og naturen vår, skreiv Synnøve Kvamme (20) i ein kommentar for Framtida.no tidlegare i vår.

Sundag møtte ho og kring 25 andre aksjonistar opp kring to kilometer frå anleggsarbeidet til Statnett, i fjellheimen over Øystese.

– No planlegg me kva me skal gjera meir, og korleis me skal få fleire folk med oss på aksjonen, fortel Kvamme. Ho lovar at det heile tida vil vera aksjonistar på plass, men at det vil bli byta på kor mange som er der til ei kvar tid, slik at ein kan kombinera med skule og jobb.

– Me er fem stykker som skal overnatta her i natt, seier ho.

Mobiliserer
Om nokre veker vil anleggsarbeidet ha kome til teltleiren. Til den tid håpar aksjonistane å fått mobilisert endå fleire.

– Over hundre har så langt sagt dei vil koma på Facebook-eventen me har laga, og fleire har sagt det til oss personleg, seier Synnøve Kvamme.

KOMMENTAR: Løgn, forbanna løgn og statistikk

– Har de snakka med Statnett?

– Nei.

– Kva gjer de når politiet bed dykk flytta dykk?

– Eg veit om mange som ikkje har tenkt å flytta seg frivillig. Sjølv har eg ikkje tenkt å flytta meg.

– Korleis er stemninga?

– Akkurat no er det litt kaldt og surt her, men me held motet oppe, seier Synnøve Kvamme til Framtida.no.

Juridisk kamp
Aksjonistane festar òg lit til at ei rettsavgjerd som fall i Hardanger tingrett  tidlegare i månaden kan hjelpa til med utsetje utbygginga. Statnett har kravd skjønn for å fastsetja kor stor erstatning grunneigarane skal få for grunnen dei må avstå for å få kraftlina bygd. Men fleire grunneigarar er misnøgde med grunnlaget for skjønnet. Dette er retten samd i, og avviste kravet til Statnett.

LES OGSÅ: – Sjøkablar fire gonger så dyrt

– Dei har eigentleg ikkje lov til å byggja no, seier Synnøve Kvamme til Framtida.no. Rettsavgjersla set alle tidlegare avtalar mellom grunneigarar og Statnett til side, meiner aksjonistane.

Men til BT.no seier jusprofessor Jan Fridthjof Bernt det berre er eit spørsmål om kor mykje Statnett skal betala, og at rettsavgjersla ikkje gjev nokon grunn til å stoppa bygginga av mastene.