Froskeetar går under

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Takka vere saka mot den franske eks-sjefen i det internasjonale pengefondet, har vi den siste veka lært mykje om skilnaden mellom amerikanarar og franskmenn. Korrespondentar har rapportert frå Paris og New York og lagt vekt på å gi oss innsikt i den amerikanske og den franske kulturen for å forklare kvifor denne saka vekker slike kjensler.

Stort sett har rapportane frå korrespondentane vore informative og bygd på fakta. Men dessverre ikkje alle. Vi har fått tak i eit par artiklar som under tvil blei stoppa før dei kom på trykk. Men under tvil, altså. Først ein artikkel frå ein norsk journalist i USA:

THE FROG

– Du er nestemann, froskeetar!  Amerikanaren gliste breitt.

Franskmannen var ubarbert. Auga var raude. Han såg ikkje lenger like heime ut i den svindyre dressen. Dette var han ikkje vant til. Han klarte ikkje å skjule kor redd han var.

– Snakkar du engelsk, froskeetar?

Ikkje alle dei dyre dressane i verden kunne redde han no. Eit liv med VIP-behandling og gåselever hadde ikkje førebudd han på dette. Det er ikkje slik ein behandlar viktige menneske i Frankrike. Med handjern på ein trebenk. Omgitt av simple kriminelle, stinkande gatehorer og narkodealarar.

Amerikanaren såg på han med forakt.

– Dette er Amerika, froskeetar. Her er alle like. Her speler det inga rolle kor dyr dressen din er eller kor fancy tittel du har. Forstått?  Franskmannen nikka tafatt. Han vågde ikkje anna. Her hadde han null autoritet. Her hadde han ingenting å gøyme seg bak. Her hjalp det ikkje med gradar frå fine univeristet.

Amerikanaren gliste og tok seg god tid til å forklare franskmannen kva liv som venta han no:

– Her er dagsplanen din, froskeetar: Null seks hundre er det vekking med roping. Frå null seks hundre til lunsj sitt cellekameraten din og stirar på deg. Så er det lunsj, der alle kallar deg froskeetar og ein fyr med arr i panna seier noko truande til deg. Så er det lufting og fleire truslar frå folk med arr i panna. Så er det middag. Så er det dusjing, med alt det inneber. Så er det tilbake til cella for meir stiring fram til sengetid.

Så var det menyen vår: Måndag er det burger. Tirsdag er det bønner. Onsdag er det burger med bønner. Torsdag er det bønner med burger. Fredag er det burgerbønner med bønneburger. Laurdag er det burgersuppe. Og søndag er det restar.

Lykke til, froskeetar. Håper du kler oransje.

Alle horene lo då franskmannen blei ført bort i handjern.

– –

Og her ein artikkel frå ein korrespondent i Frankrike. Denne blei også stoppa. Under tvil:

UFRANSK FILLETING

Her i Frankrike er det ingen som forstår noko av saka mot den tidligare pengefond-sjefen. Verken politikarar, kommentatorar eller mannen i gata forstår kvifor dette skulle vere noko å mase med.

Folk vi har snakka med, ser ikkje problemet med å voldta stuepiker. Franskmenn har eit heilt anna syn på seksualmoral enn folk i andre land. Det å voldta stuepiker er heilt vanlig i Frankrike. Alle gjer det. Mange gjer knapt noko anna.

Utanomekteskapelige eskapadar blir sett på som heilt naturlig i Frankrike. Du er ein ufransk avvikar om du ikkje nyttar ei kvar anledning til å vere utru. Og om ein ikkje har ei elskarinne for handa når ein har ein time å slå i hel, då synest alle franskmenn det er heilt greitt å forsyne seg av det ein måtte komme over. Dei som klagar på slikt er pripne og ufranske, seier mange av dei vi har snakka med.

Slik oppførsel er spesielt forventa av menn i sjefsposisjonar. Ingen franskmenn har tillit til ein sjef som ikkje har eit par-tre elskarinner og minst ei trakasseringsskulding hengande over seg.

Ein fransk venn av meg søkte ei leiarstilling i bedrifta si. Han fekk ikkje jobben fordi han ikkje kunne legge fram dokumentasjon på at han hadde elskarinne. Vennen min er veldig ambisiøs, så han gjekk straks i gang med å skaffe seg elskarinner. Neste gong det kom ein sjanse til forfremming, meinte vennen min han stilte sterkt. Han hadde tre elskarinner no. Og han møtte til jobbintervju i jålete dress og med flotte attestar frå alle dei tre elskarinnene. Dessverre viste deg seg ein annan søkjar hadde fire elskarinner. Og endå meir jålete dress. Han fekk jobben.

Slik er Frankrike.

Amerikanarane er berre misunnelige, er tonen i kommentarane frå franske politikarar, som heller ikkje forstår kvifor stilige kriminelle i dyre dressar skal måtte sitte på same benkar som folk med arr i panna. Slikt er berre vulgært, meiner absolutt alle franskmenn.

– –

Under tvil, altså.