– Det hjelper å vere vrang

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Det hjelper å vere vrang

Som ihuga nynorsktilhengar har den nyvalde leiaren i Ulstein og Omegn Unge Høgre bestemt at  saksdokumenta skal vere på nynorsk. Tidlegare var dei ofte på bokmål.

– No er alle sakspapira våre på nynorsk, så det hjelper å vere litt vrang, smiler Rødven.

Sunnmøringen ser ikkje på det som problematisk å vere nynorskmann i det einaste partiet som har gått inn for valfritt sidemål i ungdomsskulen og på vidaregåande.

– Politikk går ut på å diskutere, så nokon må vere ueinige, seier han.

LES MEIR: Byter sidemål med tysk og fransk

Naturleg med nynorsk
Joakim Yksnøy Rødven står ikkje åleine om å omfamne nynorsken i partiet. Høgremann og leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård har tidlegare kalla vedtaket om valfritt sidemål kunnskapslaust.

LES MEIR: – Høgre til angrep på nynorsk som nasjonalspråk

For å sikre seg at partiprogrammet til Ulstein Høgre er skrive på god nynorsk, har Rødven teke på seg å lese korrektur. Han får støtte frå partifelle Else-Marie Brandal (17) i at det er verdt å kjempe for nynorsken.

– Det hadde ikkje blitt så personleg dersom vi som er herifrå skulle ha skrive på bokmål, seier ho engasjert.

Sentralstyremedlem i Høgre, TV-kjendis og nynorskbrukar Arne Hjeltnes er også ein av dei som kjempar for sidemål.

– Men eg innser at eg er i mindretall i Høgre på dette. Å sloss for nynorsk i Høgre er nok litt som å sloss for utvida skjenketider i KrF, sa Hjeltnes til VG då det tidlegare i mai blei klart at Høgre går inn for valfritt sidemål.

LES MEIR: Sogn og Fjordane vil ta opp nynorsk-kampen

Droppar sidemålsargumentet
Når hausten kjem står skuledebattane for tur for mange ungdomspolitikarar. Joakim Yksnøy Rødven har fleire debattar på programmet. Men valfritt sidemål er ikkje det han kjem til å rope høgst om.

– Oslo Unge Høyre brukar å love at elevar skal sleppe nynorsk for å kapre stemmer i skulevalet, men eg kjem nok til å satse på meir fornuftige saker, seier han.

LES MEIR: Fekk sidemålsstøtte frå elevane

Ungdomspolitikaren legg ikkje skjul på at ambisjonane fram mot valet er høge.

– Målet er å vinne valet og dei unge veljarane.