Vil gje Jorda vår rettar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For kort tid sidan vedtok eit politisk fleirtal i Bolivia ein ny konstitusjon som gjev moder jord rettar. Initiativtakarane meiner at me bør handsama jordkloda med same respekt og kjærleik som vår eiga mor. Eit anna latinamerikansk land, Ecuador, har òg gjeve jorda eigne rettar i konstitusjonen til landet.

Filosofiprofessor Arne Johan Vetlesen meiner noko liknande vil tvinge seg fram òg i vår del av verda.

– For oss kan det som skjer i Sør-Amerika virke umoderne, mytisk, ja til og med primitivt. Men det me held på med er jo å saga over den greina vi sit på, seier han til Uio.no

Ikkje nok å skifta lyspærer
Filosofen skal under Idéfestivalen om klimaendringane bringa både kulturkritikk og samfunnskritikk inn i klimadebatten. Det meiner han er fråverande i det offentlege ordskiftet.

LES SISTE KLIMA-NYTT HER!

– Al Gore er superkjendisen blant alle miljøaktivister. Men sjølv bidraga hans er kjemisk fritt for kultur- og samfunnskritikk. Hans prisbelønte film munnar ut i praktiske råd om utskifting av lyspærer. Me kan ikkje kjeldesortera oss til ein økologisk intakt klode for våre etterkommarar. Vanene våre og verdiane våre er i stor grad styrt av krefter som trekkjer oss i gal retning. Han som snakkar om klimakrisen, kan ikkje teie om kapitalismen, meiner Vetlesen.

Fleire munnar å metta
Det er ein ubehageleg, men uunngåelig sanning at vi ikkje kan fortsetje med det forbruket vi har i dag. Likevel held vi på som om ressursane er uavgrensa, meiner Vetlesen, og viser til det vil vera fleire enn 9 milliardar munnar å mette på jordkloda. Det blir eit stadig større misforhold mellom dei ressursane vi tek ut av naturen og det naturen eigenleg er i stand til å gje oss.