Sankar stemmer på fire hjul

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sankar stemmer på fire hjul

– Vi vil få ungdom til å bruke stemmeretten sin i haust. Og helst på Arbeidarpartiet, smiler nestleiar i AUF, Åsmund Aukrust.

Han står parat ved hovuddøra til Høgskulen i Ålesund, saman med ein gjeng frå Møre og Romsdal AUF. Målet er å kapre forbipasserande potensielle veljarar.

– Vi vil køyre Noreg på langs for å møte så mange unge som muleg, seier Astrid Willa Hoem.

Ho er skule- og arbeidsleiar  i Møre og Romsdal AUF, og har sjølv vore med bussen frå Kristiansund til Ålesund.

– Her i Ålesund er det prøveval for 16 og 17-åringane, og det er spesielt viktig å få denne gruppa til å stemme, understrekar Hoem.

LES MEIR: Unge skal få unge til å stemma
 

Aldri hatt så mykje makt

6. juni skal bussen vere framme i Oslo, etter å ha vore innom ei rekke stoppestader. I Ålesund set lokallaget stor pris på å få hjelp til stemmesankinga.

– Vi i Ålesund AUF jobbar spesielt for at studentar skal få studiestøtte i 11 månader, og for den såkalla «rosaresepten» som gir ungdom opp til 25 år rett på gratis prevensjon, seier Anna Kvalø i Ålesund AUF. 

LES MEIR: Meir makt til ungdom

– Og vil ein vere med å påverke må ein gjere det gjennom å nytte stemmeretten sin, seier Kvalø medan ho hentar fleire brosjyrer.

Det er nestleiar Åsmund Aukrust samd i:

– Ungdom i Ålesund har meir makt enn nokon gong før, sidan 16-åringane i kommunen kan stemme for fyrste gong. No er det viktig at dei utnyttar denne makta.