Unge skal få unge til å stemma

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er vanskeleg for 40–50-åringar å nå fram til 16-åringane. Der kjem vi inn, seier 17 år gamle Sofie Bache (V) frå Stavanger til Aftenposten. Bache er sjølv kummulert inn på Venstre-lista, det vil seie at ho får ekstra poeng for kvar stemme Venstre får ved valet.

I Hamar er ein tredel av lista til Arbeidarpartiet under tretti år, medan Høgre i Stavanger har 10 kandidatar frå ungdomspartiet på si liste til valet. Båe desse byane er med i ordninga med stemmerett for 16-åringar.

Samstundes fortel partia frå somme av dei mindre kommunane som er med i forsøksordninga med stemmerett for 16-åringar at det er vanskeleg å rekruttere listekandidatar under 30 år.

– Eg håpa at lågare stemmealder skulle få litt effekt, men eg ser ingen umiddelbar verknad. Vi slit jo med fråflytting og har ingen videregåande skule i kommunen, fortel John Gunnar Skogvoll som er SV-leiar i Tysfjord.

Men i det aktive AUF-laget i Longyearbyen skal minst éin av medlemmane stilla til valet. Også her skal det vera forsøk med stemmerett for dei som fyller 16 år i løpet av året.

LES SISTE NYTT OM LOKALVALET!