To av tre masterstudentar leverer for seint

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To av tre master- studentar leverer for seint

Normert tid på to år vert ofte for kort tid når masteroppgåva skal leverast. Slik vart det i alle fall for Ole Hallvard Dyrbekk, som leverte masteroppgåva si i samanliknande politikk i mars, nesten eitt år etter den skulle vore inne.

– Ei rekkje grunnar spelte inn. Eg var på utveksling i Tyskland semesteret før eg byrja på oppgåveskrivinga. Der hadde eg innlevering 20. september, som gjorde at eg kom seint igang her heime. Dessutan hadde eg mykje litteratur og ein komplisert metode å setja meg inn i, forklarar Dyrbekk.

Men han er langt frå å vera åleine. Tal frå Universitetet i Bergen (UiB) viser at masterstudentar i 2010 gjennomsnittleg produserte 45 av 60 mogelege studiepoeng i året. På Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV) ved UiB fullførte berre 57 av totalt 151 masterstudentar på normert tid. Det utgjer 37,7 prosent.

Positiv utvikling
Seksjonssjef på SV, Ingrid Christensen, fortel at dette talet trass alt er høgare enn for nokre år sidan. Av masterstudentane på SV som skulle fullføra i 2007 klarte berre 25,8 prosent det innanfor normert tid. I 2006 var talet endå lågare.

– Dette er noko me har fokus på. Men det har vore ei betring, og eg opplever at det har vore ei haldningsendring blant studentane. I dag er det svært mange som leverer berre eitt semester for seint. Tidlegare var studentane gjerne åtte til ti semester for seine, fortel ho.

Også visedekan for utdanning på SV, Olaf Smedal, deler den oppfatninga.

– Det som er viktig er kor langt over normert tid ein leverer. Det er nesten ingen igjen som held på veldig lenge, slik mange gjorde før 2003/2004. Og inntrykket mitt er at dagens studentar verkeleg ønskjer å bli ferdige til normert, eller om lag normert tid.

– Tærer på sjølvtilliten
Dyrbekk bekreftar dette, sjølv om det for han var nødvendig å bruka lengre tid.

– Fagleg sett følte eg at eg fekk noko igjen for dette, men ein vil jo bli ferdig. Det tærer på sjølvtilliten å levere for seint, og i tillegg er det økonomisk vanskeleg. Ein skuldar jo Lånekassen studiepoeng. Sjølv enda eg opp med å bruka sparepengane eg skulle brukt på hus, fortel han.

Smedal påpeikar at også samfunnet dreg nytte av at studentane fullfører så raskt som mogeleg.

– Det er jo gunstig å ha folk i arbeid framfor i utdanning, seier han.

Nok tid
Ingrid Christensen trur ikkje det er late studentar som gjer at så mange av dei ikkje rekk tidsfristen. Ho trur heller studentane har for mykje å gjera utanom studiet.

– Diverre har me eit system der mange har jobb ved sida sjølv om studia eigentleg er føresett at ein gjer det på heiltid. Det trur eg kan spela mykje inn, seier ho.

Dyrbekk kjenner seg derimot ikkje igjen.

– Då har ein for stort fokus på jobb. Sjølv jobba eg minimalt i den tida, som seminarleiar. Ein får heller leva sparsamt, seier han.

Verken han, Christensen eller Smedal trur likevel to år til master er for kort tid.

– Det gamle hovudfaget gjekk også over to år. Det har ikkje skjedd noko med kva som er normert tid, påpeikar Smedal.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

STUDIEPOENG I ÅRET PER MASTERSTUDENT
2007: 40,8
2008: 43,1
2009: 44,2
2010: 45,0
Kjelde: UiB