Reduserer Rikskonsertane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vedtaket medfører at den offentlege turneverksemda til Rikskonsertane, slik me kjenner den i dag, med ei brei turneverksemd til dei mange kulturhusa som er bygde dei seinare åra, fell bort, heiter det i ei pressemelding frå Rikskonsertane.

– Dette forringar kulturtilbodet over heile landet. Politikarane er udugelege, og veit ikkje kva dei driv med, seier den kjente gitaristen Terje Rypdal til db.no om avgjersla.

Omdisponerer midlane
Kulturdepartementet melder at endringa gjeld 300 av dei totalt 10.000 konsertane i Rikskonsertane. Midlane til den offentlege konsertverksemda i Rikskonsertane skal omdisponerast til styrking av musikar- og arrangørstøtta under Norsk kulturråd og til meir desentraliserte konsertformer i Rikskonsertane.

Musikarordninga skal utvidast til å femna om alle musikksjangrar og bidra til turnear i fleire delar av landet, heiter det frå Kulturdepartementet.

Skulekonsertar
Delar av midlane blir igjen i Rikskonsertane til kombinasjonskonsertar med utgangspunkt i skulekonsertverksemda. Dette inneber at musikarane som alt turnerer rundt i landet gjennom skulekonsertordninga, også held konsertar på kvelden og på andre arenaer, til dømes arbeidsplassar.

Rikskonsertane er i dag den einaste landsdekkjande formidlar og produsent av levande musikk. 85 prosent av konsertane går til mindre stader rundt om i hele landet, medan 15 prosent av konsertane går til dei store byane. I perioden 2008–2010 blei tre av fire konsertar presenterte i kommunar med innbyggjartal på mellom 5.000 og 80.000. Konsertane hadde eit samla besøkstal på 143.939 publikummarar i denne perioden, heiter det i meldinga frå Rikskonsertane.

Leiinga ueinig
Leiinga til Rikskonsertane har i prosessen fram til avgjerda gjeve uttrykk for at dei er ueinige i konklusjonen frå departementet og meiner at Rikskonsertane offentlege konsertar fyller eit behov i distrikta og at det er usikkert om kulturhusa kan kompensera for eit bortfall av tilbodet frå Rikskonsertane.

– Prosessen fram til avgjerda om den framtidige rolla til Rikskonsertane har vore lang. Me har i dag fått eit nytt oppdrag for delar av verksemda, kor framtidas konsertar i regi av Rikskonsertane vil ta utgangspunkt i dei mange flotte utøvarane me har på skulekonsertturnear. Arbeidet med omstillinga vil starta straks, og me vel i dag å sjå framover, seier fungerande direktør for Rikskonsertane Thorstein Granly.

Avgjerda om bortfall av den offentlege konsertverksemda får verknad frå hausten 2012. Planlagde turnear hausten 2011 og våren 2012 vil bli gjennomførte, medan omstillinga går føre seg.