Manglar 4000 førskulelærarar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Manglar 4000 førskule- lærarar

– Vi treng fleire dugelege førskolelærarar og lærarar. Difor set regjeringa i gang ein av dei største rekrutteringskampanjene i det offentlege nokosinne. Vi håpar å få mykje merksemd om dei ulike læreryrkene, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen i ei pressemelding.

Rekrutteringskampanjene skal gå over fleire år med oppstart til hausten. Det er sett av 39 millionar til saman. 25 millionar til fleire førskolelærarar og 14 millionar til fleire lærarar.

Mangel på førskolelærarar
– Talet på søkjarar til førskulelærarutdanninga har gått noko ned dei siste åra, og i dag manglar det 4000 førskolelærarar i barnehagane. No satsar vi stort på at vinden snur, og at førskulelærar blir eit attraktivt studieval, seier forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen seier alle born, – uansett alder, bakgrunn og bustad – skal få høve til å gå i ein god, trygg og utviklande barnehage.

– Då er det òg behov for førskulelærarar som er dugelege pedagogar. Tilsette med god kompetanse er rett og slett avgjerande for kvaliteten i barnehagane. Born som går i barnehagen fortener fleire engasjerte og dugelege førskulelærarar.

– Barnehagen er ein interessant og utfordrande arbeidsplass. Fleire må få auga opp for dette og sikte mot førskulelæraryrket. Me ynskjer òg at fleire av dei som jobbar som assistentar skal ta førskulelærarutdanninga, og at fleire av dei som er utdanna førskulelærar skal kome tilbake til barnehagen, seier Halvorsen.

Ny førskulelærarutdanning
Tora Aasland seier det er store endringar på gang i førskulelærarutdanninga. Utdanninga skal leggjast om, og det skal leggjast til rette for etter- og videreutdanning for alle grupper tilsette i barnehagane.

– Til saman gjer dette at førskulelæraryrket får eit skikkeleg løft framover, seier Aasland.

Har du det i deg?
Lærarkampanjen blir ein vidareutvikling av suksesskampanjen ”Har du det i deg?”.

I løpet av tre år har talet på søkjarar til lærarutdanningane gått opp med nesten 50 prosent. Kampanjen vart kåra til årets haldningskampanje i fjor, og årets kampanjefilm ”hardudetideg.no/framtida” vart sett av 125 000.

– Eg er særs nøgt med at stadig fleire søkjer seg til ei lærarutdanning. For å følgje opp den auka interessa, har vi for 2011 øyremerkt midlar til 375 nye studieplasser i lærarutdanninga, seier Tora Aasland.

– Vi treng både førskulelærarar og lærarar, og vi håpar å få masse merksemd om dei ulike læraryrka. Utfordringa blir å lage gode kampanjar som kommuniserer det unike ved å vere førskulelærar i barnehagen og lærar i skulen.