– Elevar kan hjelpe elevar

KrF i Seljord vil at dei flinkaste skuleelevane skal hjelpe dei som slit i undervisninga.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil betala flinke elevar for å hjelpa medelevar

Dag Svartdal, varamedlem til kommunestyret denne perioden, har fått med seg lokalpartiet til å programfeste at det skal bli arbeidd med å innføre prosjektet «elev hjelper elev» i Seljord-skulen. Håpet er at ordninga kan bli innført alt i 2012. Svartdal trur ei elevassistentordning vil ha mange positive konsekvensar.

– Eit slikt prosjekt vil gje mykje læring for lite pengar, meiner Svartdal.

Ideen har røter i studentassistentordninga som blir nytta ved universitet og høgskular i dag. Her kan alle med toppkarakteren A søkje om å bli studentassistent for dei som skal ta faget året etter.

Naturleg i matte
Svartdal ser for seg at ei elevassistentordning kan bli innført på ungdomsskulen i Seljord, og at dei flinkaste elevane kan vere mellom anna oppgåve- og læringshjelp.

– Eg trur ei slik ordning kan passe på eit lågare nivå enn høgskule og universitet, men ho må sjølvsagt bli tilpassa. Det må vere eit samarbeid mellom skulen og kommunen der ein ser på kva fag og årstrinn dette kan vere aktuelt for, og kva krav som blir sett til elevassistentane, skisserer Svartdal.

LES OGSÅ: Slik blir den nye ungdomsskulen

Han ser matematikk som eit naturleg fag å prøve ordninga i, sidan matte gjev konkrete og målbare resultat.

– Matte er eit fag me treng meir og meir av i kunnskapssamfunnet. I tillegg er det mange elevar som lett fell frå i faget, seier Svartdal.

Mange fordelar
Han understrekar at ordninga må vere friviljug, og er usikker på kor mange som faktisk vil velje det. Men han trur dette kan ha mange fordelar, både for elevar som har vanskar og for dei som blir assistentar.

– Når ein elev fell av lasset er det viktig å ta tak raskt. For ein elev kan tilbodet om to timar med individuell oppfylging i veka vere nok til at han eller ho får att grunnlaget som trengst for å henge med i timane, trur Svartdal, som også trur det kan bli meir kontinuitet i undervisninga.

– Å lære vekk er også ein kunnskap. Dette er ei nyttig og god erfaring for elevassistentane å ta med seg vidare. Kanskje vil det også bidra til at fleire søkjer lærarhøgskulen i framtida, ei utdanning som i dag slit med å få søkjarar med toppkarakterar, seier Svartdal.

Hyggeleg inntekt
Han understrekar at forslaget ikkje handlar om å erstatte lærarane i noko grad, men peikar på at desse i dag har mykje å gjere.

– Faglærarar har ansvaret for å kome gjennom pensum i tide, og har i dag avgrensa med tid til kvar elev. Ressursane er knappe og måla store. Eg trur at med litt arbeid kan kommunen og skulen kome fram til ei ordning som har eit stort potensial for auka læring i høve til kostnader, seier Svartdal.

KrF-politikaren ser for seg at dei flinkaste elevane kan søkje om å bli elevassistent, og trur dette også kan vere ei hyggeleg inntekt for ein tenåring. For kommunen blir utgiftene låge.

– Det er snakk om eit par timar i veka for nokre få elevar. Blir det sett av 50.000 kroner i budsjettet er det meir enn nok. Elevassistentane vil få ekstra pengar i lommeboka, noko som er kjærkome i ein liten kommunen der det er få moglegheiter til deltids- eller helgearbeid for ungdom, seier Svartdal.

LES OGSÅ: Her er Noregs beste ungdomsskule

Han meiner også dette kan vere ei god løysing for foreldre som ofte kan ha vanskar med å fylgje opp og hjelpe ungane med lekser. Svartdal trur 10. klassingar med pensumet friskt i minne vil vere gode ekstralærekrefter.

KrF-politikaren har vore i kontakt med den juridiske avdelinga hos Fylkesmannen, og trur ordninga er mogleg å gjennomføre innanfor lovverket.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!

Kva synst du om forslaget? Del meiningane dine i kommentarfeltet under!