Jaktar på engasjert ungdom

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei reisande journalistane skal gje oss meir journalistikk frå heile landet på Framtida.no. Me ønskjer å visa fram og styrkja engasjementet til unge – og la saker unge er opptekne av setja dagsorden. Eit valår som 2011 vil gjera dette særleg aktuelt, seier Svein Olav B. Langåker, prosjektleiar for Framtida.no.

Framtida.no har fått 200.000 kroner til prosjektet frå Vinjefondet.

– Å invitera til debatt og halda vedlike kontakten med brukarane våre vil òg vera blant arbeidsoppgåvene til journalistane. Dette gjeld både innan sosiale media, på Framtida.no, Framtida.origo.no og i møte med ungdommar Noreg rundt, understrekar han.

Treng tips
Andrea Øien Sæverud byrjar på Sunnmøre, medan Marit Lajord byrjar i Gudbrandsdalen og i Telemark.

– Det er veldig kjekt om me kan få tips til gode historier, seier dei.

Gode tips kan vera alt frå nystarta ungdomsparti, eit spanande arrangement eller morosame fritidsaktivitetar – til dei sakene der ungdom vil bli høyrt – anten det er busstilbodet eller ungdomsrådet som ikkje eksisterer.

Vil vera lokomotiv på nett
Nyhende- og debattavisa for unge starta 1. september i 2010. Sidan starten har 89.000 unike brukar vore innom. Satsinga er eit samarbeid mellom ABC Startsiden, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Landslaget for lokalaviser (LLA), demokrati for unge-prosjektet ”Mot til å meina”, nettidsskriftet Magasinett og kulturavisa Pirion. Avisa får støtte frå Kulturdepartementet.

15 aviser og tidsskrift leverer i dag stoff til Framtida.no. I tillegg produserer Framtida.no eigne saker og 20 unge kommentatorar bidreg med faste meiningsytringar.

– Me ønskjer å vera eit lokomotiv for nynorsk på nett, og arbeider difor med å knyta til oss endå fleire partnarar, opplyser Svein Olav Langåker.

Har du tips til saker me bør skriva om i Framtida.no? Bruk kommentarfeltet!