Satsar ekstra på kulturskulen.

mm
Faktaboks

PÅ TOPP
Fosnes 49.1
Vevelstad 45.9
Balestrand 45.6
Utsira 45.6
Rødøy 44.7
Halsa 44.7
Namsskogan 44.5
Ulvik 44.5
Leirfjord 44.3
Masfjorden 44.3

PÅ BOTN
Iveland 33.9
Bø (Nordl.) 35.2
Hasvik 35.2
Åsnes 35.4
Skodje 35.5
Froland 35.8
Re 36.1
Sauherad 36.1
Åfjord 36.1
Bjarkøy 36.1

LES FAKTALUKK FAKTA

Ytst i Namdalen, ligg Olav Duun sin eigen kommune, Fosnes. Jøa skole samlar alle ungdomsskuleelevane i Fosnes, og har i tillegg elevar frå 1. til 7. trinn i tillegg.

Rektor Brynjar Gevik trur engasjerte elevar og lærarar er ei viktig årsak til at elevane gjorde det best i Noreg våren 2010.

– Me hadde ein ganske sterk elevgruppe i 10. trinn. Det var eit engasjert og flott ungdomskull som gjorde seg utmerka på mange område. Me har ein lærarstab som er veldig engasjert i elevane sine, og som yt det vesle ekstra overfor enkeltelevar som ein ser treng ein ekstra puff. Dei same engasjerte lærarane er òg engasjert i lokalsamfunnet på fritida. Elevane våre ser lærarane sine i mange ulike settingar, og vil med det byggje gode og sterke medmenneskelege relasjonar.

Lærarar er engasjert i idrettslag, korps og ungdomslag. Slik blir lærarar, born og føresette veldig godt kjent med kvarandre, fortel rektor.

Satsar på kultur
Ein annan suksessfaktor kan vera det tette samarbeidet med kulturskulen. 80 prosent av elevane er òg elevar i kulturskolen, og mykje av den kulturelle aktiviteten vår i skulen blir drive i samarbeid med kulturskolen.

Nokre av lærarane er lærarar i begge skulane.

– Dette gjev oss unik høve til å få ”nærkontakt” og ein-til-ein-situasjonar med elevane. Det er ikkje så reint sjeldan at me har løyst konfliktar, som har grobotn i skulekvardagen, når elevane har hatt kulturskuletimar, seier Gevik.

KART: Sjå korleis det gjekk på nasjonale prøvar på alle skular i Noreg!

Mange av elevane har kulturskuletimar i nær tilknyting til skuletida – friminutt, fritimar, før og etter skuletid. Dirigenten til skulekorpset er òg lærar ved skulen, og dessutan lærar i kulturskolen. Dette gjer at òg skulekorpset blir ein del av skulen, og halvparten av elevane våre er tilknyta skulekorpset.

– Me har opplevt at elevane har noko problem å sjå der grensene går mellom grunnskule og annan aktivitet som elevane er med på i fritida. Me har med andre ord eit ein grunnskule som er veldig integrert i lokalsamfunnet, seier Brynjar Gevik.

Fordel for små skular
Rektoren ved Jøa skole meiner små skular har eit fortrinn i tilhøve til store.

– Me kan garantere at alle elevane våre blir ”sett” av lærarar kvar einaste time, kvar einaste dag. Dette gjer det òg lettare for oss å observere og kartleggje behov kvar enkelt elev har – fagleg og sosialt. Elevar som kjem til oss frå andre skular påpekar at dei blir teke godt hand om, og følgt opp betre enn dei har vorte tidlegare, seier han.

LES OGSÅ: Vil ha inntakskrav til vidaregåande

Ein rapport frå Statistisk sentralbyrå viser at små skular med mindre enn 50 elevar over sju skuleår ser ut til å setja ein standpunktkarakter som er høgare enn eksamenskarakteren og overvurderer dermed nivået til elevane sine, medan andre – særleg dei store om lag 40 elevar eller fleire i gjennomsnitt per årskull – ser ut til å setja ein standpunktkarakter som er lågare enn eksamenskarakteren og undervurderer dermed nivået til elevane sine.

Korleis meiner du ungdomsskulen kan bli betre?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

Kommentarar

ANNONSE