Færre vil til storbyane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framleis flyttar fleire til enn frå Oslo-regionen og dei andre storbyregionane. Og det er framleis utflytting frå Nord-Noreg og Vestlandet og innflytting til områda rundt Oslofjorden, ifølgje nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Men trass i stor flytteaktivitet er likevel sentraliseringa på veg ned, for fjerde år på rad.

Sjølv om det kvart år er netto innflytting til dei mest sentrale kommunane og netto utflytting frå dei minst sentrale kommunane, har altså sentraliseringstakten vore minkande i nokre år. Ikkje sidan byrjinga av 1990-talet har sentraliseringa gått saktare. Den gongen var likevel flytteaktiviteten låg på grunn av lågkonjunktur. Dei seinare åra har derimot sentraliseringa gått ned trass i høgkonjunktur og høg flytteaktivitet.

Rekordmange flyttar
I 2010 var det 214.700 menneske som flytta mellom norske kommunar, og dette er det høgaste talet som nokosinne er registrert, melder Statistisk sentralbyrå. I tilhøve til folketalet var likevel mobiliteten større fram til midten av 1970-talet, eit par år midt på 1980-talet og så i 2000 og 2001.

KOMMENTAR: Kvifor bur vi her?

I tillegg til høg flytteaktivitet mellom kommunane i 2010 var det registrert 408.700 flyttingar innanfor kommunane, òg dette høgare enn den førre toppen, som var i 2007.

Mindre fråflytting frå Nord-Noreg
Åtte av fylka hadde fleire innflyttingar enn utflyttingar i 2010. Akershus var fylket med høgast nettoinnflytting frå resten av landet (2.480), følgt av Østfold (1.430). Talet for Østfold var det høgaste sidan 1998, medan Akershus hadde noko større nettoinnflytting blant anna i 2009. Nordland (-1.000) og Oslo (-970) hadde størst netto utflytting. Vi må likevel tilbake til 1994 for å finne forrige år då netto utflytting frå Nordland var endå mindre. For Finnmark må vi heilt tilbake til 1992, ved lågkonjunkturen rundt bankkrisa den gongen, for å finne mindre netto utflytting. Sist nettostraumen ut av Oslo var større, var i 2002. Svært mange av dei som flyttar ut av Oslo, flyttar til Akershus.

LES OGSÅ: Vil la unge få byggja i strandsona

Det var 169 kommunar som hadde fleire inn- enn utflyttingar i 2010, tre hadde akkurat like mange inn som ut, medan 258 kommunar hadde negativ innanlands flyttebalanse.

Kva meir bør ein gjera for å avgrensa sentraliseringa?

Faktaboks

Sentralitet
– Med sentralitet blir meint den geografiske plasseringa til ein kommune i tilhøve til tettstader av ulike kategoriar. Det er fire hovudnivå, koda 3–0, alt etter reisetid frå dei ulike tettstadene.
– Ein kommune har sentralitet 3 når tyngdepunktet av folkesetnaden ligg innanfor 75 minutt reisetid frå ein tettstad med minimum 50.000 innbyggjarar (90 minutt frå Oslo). For å få sentralitet 3 må tettstaden i tillegg fungere som regionsenter.
– Sentralitet 2 tyder at det er maksimalt 60 minutt reisetid til ein tettstad med minimum 15.000 innbyggjarar; sentralitet 1 vil seie at det er maksimalt 45 minutt reisetid til ein tettstad med minimum 5.000 innbyggjarar. Kommunar som ikkje oppfyller nokre av desse krava, får sentralitet 0.

Les meir hos SSB!