Får draumedag i TV2 og BA

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Draumen går i oppfylling gjennom MOT sitt draumefond, eit fond som vart oppretta i 2003, og som 9. klassingar i alle MOT-kommunane i landet kan søkja om midlar frå til å få draumen sin oppfylt. Og framfor jublande medelevar i dei to 9. klassane ved Rosendal ungdomsskule kunne ein av MOT-representantane i Kvinnherad, Linda Øen, i føremiddag fortelja at Gina ville få draumen sin oppfylt, samstundes som ho fekk diplom frå MOT.

Det var under ei MOT-samling på skulen sist haust at 9. klassingane skriv draumesøknadene sine.

– Eg skreiv i søknaden at eg gjerne ville verta journalist, men at eg hadde høyrt at for å koma inn på journalisthøgskulen så var kravet topp karakterar. Og topp karakterar har eg ikkje, sjølv om dei er heilt greie. Men journalist vil eg verta, og eg skreiv i søknaden at eg vil satsa alt på å betra karakterane mine, slik at dei vert gode nok til at eg kan koma inn på journalisthøgskulen. Ut frå dette søkte eg draumefondet om å få vitja VG-redaksjonen i Oslo, fortel Gina.

– Det let seg diverre ikkje gjera å få vitja VG-redaksjonen, men i staden skal du 31. mai setja deg på Rødnebåten til Bergen. På kaien vert du møtt av representantar frå MOT, og så går turen til BA-redaksjonen for omvisning der. Etterpå vert det lunch på Peppes, før turen går vidare til TV2-redaksjonen, fortalde Linda Øen, medan smilet til Gina vart breiare og breiare.

– BA og TV2 er ein veldig god erstatning for VG, og eg set ekstremt stor pris på at eg gjennom draumefondet får høve til å vitja desse to redaksjonane og sjå kva som går føre seg der. Sjølv om eg i utgangspunktet tek sikte på å verta skrivande journalist, vert det kanskje mest spanande å få koma innom veggene til TV2, strålar den unge journalistspiren.

LES SAKA I KVINNHERINGEN!