Vil samle inn 200.000 mobilar

Telenor og Noregs idrettsforbund etterlyser gamle mobiltelefonar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå og med 2. mai kan idrettslag over heile landet melde seg på den nasjonale dugnaden som skal tømme landet sine roteskuffer for brukte mobiltelefonar. Påmelding skjer via nettsida www.idrett.no og det er dei første 500 laga som får vera med.

– Dette er eit glimrande høve for til å fylle opp klubbkassa. Nordmenn er ivrige til å skaffe seg det siste nytt innan mobilteknologi. Difor finst det enorme mengder gamle telefonar i roteskuffene, seier Toril Uribarri, direktør for kommunikasjon og samfunnssansvar i Telenor.

Innsamlingsaksjonen er eit samarbeid mellom Telenor og Noregs idrettsforbund og har som mål å samle inn 200.000 mobilar på landsbasis. For kvar mobil får idrettslaga 35 kroner.

– Det tyder sju millionar kroner til saman for idrettslaga som deltek, seier Uribarri til newswire.no.

Kan brukast på nytt
I fjor vart det selt cirka 2,4 millionar mobiltelefonar i Noreg. I same periode vart berre 35.000 gamle mobilar levert inn til resirkulering, ifølgje tal frå Elretur.

– Det er svært viktig for miljøet at gamle mobilar blir resirkulert. Over 90 prosent av delane til ein mobiltelefon kan brukast på nytt, og det er knapp tilgang på metall og mineral for å lage nye mobiltelefonar, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Telefonar som blir kasta rett i søpla blir brent saman med anna restavfall i anlegg som ikkje er laga for å forbrenne elektronikk.

Miljøvernministeren stiller seg bak den storstilte innsamlingsaksjonen.

– Norske idrettslag gjer ein stor innsats for miljøet ved å delta. Eg håpar idrettslag frå heile Noreg melder seg på, seier Solheim til newswire.no.

Har mange i skuffen
Sju av ti nordmenn har ein eller fleire gamle mobiltelefonar liggjande i heimen, viser ei undersøking Norstat har gjort for Telenor. Halvparten av oss har to eller fleire som er parkert til fordel for ein nyare.

– Dei fleste ynskjer å halde den gamle mobilen i tilfellet det skjer noko med den nye. Men sjansen er nok liten for at ein kjem til å bruke dei to-tre andre som ligg inst skuffen, seier Torild Uribarri i Telenor.

Dei innsamlete mobiltelefonane blir sendt til Regenersis i Storbritannia. Her blir dei anten resirkulert eller klargjort for gjenbruk.

Innsamlingsaksjonen har fått namnet ’’brukt mobil – nye høve’’. Dei gamle telefonane blir samla inn i posar med logoen til Telenor og Noregs idrettsforbund. Posane har ein spesialdesignet lukkemekanisme.