Stor mangel på ingeniørar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I industribyen Stord slit både Wärtsila, Kværner og Apply Leirvik alle med å få tak i fagpersonell. For Wärtsila sin del er det i hovudsak ingeniørar innan elektro og automasjon det er mangel på.
 
«Alle» vil ha ingeniørane
– Me er på jakt etter kompetanse grunna aukande oppdragsmengd og ser etter folk både her i distriktet og andre stader. Utfordringa her i stordsamfunnet er at fleire er på jakt etter fagfolk nett no, fortel Wärtsila-direktør Sveinung Hansen.

I går var næringslivsleiarar samla på Stord næringsråd sitt frukostmøte. Hansen sat i panelet med mellom andre Aker Solutions-direktør Lars Eide og Apply Leirvik-direktør Lars Solberg. Kompetanse blei ikkje uventa eit sentralt tema.

LES OGSÅ: Går rett inn i arbeidslivet

– Me har fått fleire ingeniørar på plass og prosessen er i gang, men me har sett oss nøydde til å sjå på korleis me kan få til gode utdanningsmoglegheiter her. Eg trur det er naudsynt med ei langsiktig løysing og vil difor utfordra utdanningsinstitusjonar til å møta langsiktige behov, seier Hansen.

Tidlegare i veka var representantar frå sunnhordlandsregionen i møte med fylkeskommunen for orientera om dei nye tankane rundt omskolering. Målet er å få på plass ein fagskule i regionen.

Liv Kari Eskeland (H) sat også i panelet på frukostmøtet. Ordføraren fekk spørsmål om korleis Stord går fram for å skapa eit godt omdømme.

– Å vera ein attraktiv region handlar om å tiltrekkja seg god arbeidskraft. Då må ein også sjå på samferdsle, på korleis infrastrukturen er bygd. Mellom anna med ferjefri kyststamveg med gode samband mot nord og sør og ein flyplass i regionen. Det er også viktig at me politikarar løftar fram regionen for sentrale myndigheiter, for det nyttar ikkje å sitja på Stord og tru at me blir best i verda åleine. Me må fronta heile Vestlandet, sa ho.
 
Treng meir enn fjord og fjell
Kompetanseutfordringa burde vore gjort noko med for fleire år sidan, blei det hevda frå fleire hald, mellom anna frå panel-deltakar og sjefsøkonom Hallgeir Isdahl i Sparebanken Vest.

– Me treng attraktive fagmiljø som er utfordrande og spennande, for det er dét dei unge ser etter i dag. Ikkje fjordar og fjell.

Sveinung Hansen vil likevel ikkje svartmåla situasjonen.

– Me må hugsa på at gjennom desse åra så har heile samfunnet her vore ei suksesshistorie. No må me også fokusera på andre gevinstar enn milliardkontraktar. Det me kjem til å produsera i framtida er kompliserte leveransar og det krev aukande kompetanse.

Stortingsrepresentant Magne Rommetveit (Ap) fekk med seg paneldebatten frå salen. Han minna om at ingeniørar åleine ikkje er løysinga.

– Ingeniørar giftar seg sjeldan med kvarandre, så me må også syta for at me har andre ting å by på enn ingen-iørjobbar. Det gjeld å vera attraktive på eit breitt felt. Me skal ikkje fylla opp heile Sunnhordland med einslege ingeniørar.

Eskeland nytta høve til å pirka i det såkalla k-ordet – kommunesamanslåing.

– Store, robuste kommunar er viktig, og vil gje gode tenester til innbyggjarane. Om 10-15 års tid vil me truleg vera ein storkommune, og kanskje har me til og med lagt ned fylkeskommunen, sa ho til applaus frå salen.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!