Vil ha folk på kunstutstilling kvar dag

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik skal folk på kunst- utstilling kvar dag

I samband med at regjeringa no tek initiativ til ei ny stortingsmelding om visuell kunst, oppmodar Hordaland fylkeskommune kulturminister Anniken Huitfeldt om å ta i bruk nyskapande metodar for å bringe kunsten ut til folket.

– Når det offentlege set opp nybygg, går ein fast prosentsats til kunstnarleg utsmykking. Det bør vurderast om ordninga kan verte utvida til å omfatte til dømes krafttrasear, veg-, bru- og skinneanlegg, skriv fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Nye møtestader
Nyborg meiner eit slikt tiltak vil skape nye og spanande møtestader mellom kunst og menneske og gje heilt nye kvalitetar til offentlege rom.

– Vi kan gje nye grupper kunstopplevingar utanfor dei tradisjonelle kanalane, og samstundes leggje grunnlaget for heilt nye kunstnariske uttrykk, seier Nyborg til hordaland.no.

– Utforminga av offentlege rom kan òg verte meir heilskapleg og planmessig når omsynet til kunstnarleg utsmykking er med og finansieringa avklart allereie i starten av eit prosjekt.

Utjamningspolitikk
At den føreslegne ordninga vil vere god utjamningspolitikk, er ho heller ikkje i tvil om. Sjølv om fire av ti nordmenn går på kunstutstilling årleg, oppgjev nesten ein femdel av befolkninga at dei aldri har vore på kunstutstilling.

I byane går om lag halvparten av innbyggjarane på kunstutstilling årleg, i grisgrendte strøk berre ein dryg tredel. I låginntektsgrupper er talet mykje lågare.

– Ulikt tilgjenge til visuell kunst er ein av hovudårsakane til desse skilnadene. Vi vonar derfor kulturministeren vil ta imot denne invitten til ein utjamnande kulturpolitikk med opne armar.

Meirverdi for turismen
Eit løft for visuell kunst i offentlege rom kan òg skape meirverdiar for turistnæringa.

– Turisme er verdas største næring. Ved å kople kunst til nye energi- og samferdselsprosjekt på denne måten, kan vi gjere Noreg attraktiv som reisemål for fleire enn dei som er opptatt av vakker natur. Vi kan rett og slett tiltrekke oss nye målgrupper, seier Nyborg.

Frå monstermaster til monumentale kunstverk
Når luftspenn frå Sima til Samnanger etter alt å døme vert ein realitet, er fylkesordføraren oppteken av at dette og liknande prosjekt vert gjennomført på ein måte som er mest mogleg skånsam overfor landskapet og i tillegg tilfører visuell verdi så langt råd er.

– Når så gale først har skjedd, må målet vere ei utforming som visualiserar ei samansmelting av ingeniørkunnskap og  kunstnarleg skapartrong, seier Nyborg.

– Eg trur det er viktig å tenke litt offensivt på dette området, slik at ei bru i framtida ikkje berre vert enno ei bru, men noko visuelt spanande vi kan beundre og som til og med kan gi landskapet ein ekstra dimensjon.
Bergen neste?

Når fylkeskommunen set opp nybygg i dag, går 1,2 prosent av kostnadane til kunstnarleg utsmykking.

– Vi vurderer å ta i bruk same prinsipp i samband med Bybanen i Bergen. Vi har sett på liknande prosjekt i Frankrike, og dei har vore særs vellukka, seier Nyborg.

Ho viser mellom anna til det omfattande utsmykkingsprogrammet knytt til bybanen i Nice, der ulike typar visuell kunst har tilført byrommet nye kvalitetar.

Kraftlinja frå Sima til Samnanger er venta å kosta noko over ein millard kroner. Dersom Hordaland får viljen sin, skulle det også nyttast kring 13 millionar kroner til kunst i samband med utbygginga.

Framsynt kulturpolitikk
Fylkesordføraren meiner ei utviding av eksisterande ordning vil vere uttrykk for ein framsynt kulturpolitikk og ei vidsynt landskapsforvalting.

– Vi vil rett og slett utvide tydinga av ordet kulturlandskap på ein måte Noreg kan vere stolt av i framtida, seier ho.

– Dessutan vil ei slik ordning gi oppdrag og sysselsetting til ei rekkje spanande kunstnarar frå inn- og utland.

Kva synst du? Er dette ein god ide?