Frå regjeringas hyttebok

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dag 1, klokka 1200:
Kom til hytta i fint vårvêr. Det blei bestemt at eg, Jonas Gahr Støre, skulle ha ansvaret for å skrive i hytteboka. Eg har allereie tjueåtte andre verv i regjeringas påskeferiekomité, så det måtte ei lita regelendring til før eg også kunne veljast til hyttebokskrivar, men det fekk vi til etter litt debatt og eit kompromissforslag frå Senterpartiet om at eg skulle skrive på nynorsk.

Det er ei samla regjering som står bak valet av denne hytta. Senterpartiet jobba opprinnelig for teltferie. SV ville også gjere noko anna enn AP, men kom ikkje på noko sjølv, så dei støtta Senterpartiets forslag. Hyttevalkomiteen, som blei leia av meg, Jonas Gahr Støre, foreslo så eit kompromiss om å hente inn meir kunnskap om hytter og telt, sette ned eit utval, konsekvensutgreie kunnskapen og utsetje påsketuren inntil vidare, for eksempel til jul. Eller til 2019. Senterpartiet gav seg, fordi vi fortalde dei at dei måtte det. Så no står heile regjering samla. Det var ein forventningsfull og samstemt gjeng som låste seg inn på hytta i dag.

Klokka 1500:
No har alle komme seg i orden på hytta. Unntatt Senterpartiet, som har slått opp telt utanfor. Dei understrekar at dei framleis står bak regjeringas felles vedtak om hytte, men at dei også vil vise turgåarar frå distriktet at dei eigentlig liker telt. SV blei litt sure då Senterpartiet slo opp teltet. Dei ville også gjerne vise at dei har eigen vilje, men dei hadde ikkje med telt. Så dei sitt no ute på trappa og frys. Dermed er det berre oss AP-statsrådane igjen her inne. Kanskje like greitt.

Klokka 1800:
Eg, Jonas Gahr Støre, blei etter ei lita regelendring valt til sjef for fellesunderhaldninga på hytta. Jens hadde i år som før hovudansvaret for å ta med alt det nødvendige. I fjor hadde han med tretten brettspel, datautstyr, yatzy, kryssord, ein haug med spørjebøker, ein trubadur og ein quizmaster. I år hadde han med ein kortstokk. Han insisterte på at dette betydde at underhaldningstilbodet i år var mykje betre enn i fjor.

Klokka 2100:
Etter ei ørlita statuttjustering blei det bestemt at eg skulle ta ansvaret for å lage middag. Jens hadde tatt med varene, som vanlig. I år hadde han med ein pakke Fjordland på deling, noko som er ei klar forbetring frå i fjor, då vi laga trerettes middagar frå grunnen av kvar einaste dag.

Då eg var i ferd med å klippe opp middagen, høyrde vi bråk utanfor hytta. Det var Per Olaf Lundteigen som stod der og ropte at regjeringa hadde ein hemmelig plan om å brenne teltet til Senterpartiet. Vi inviterte han inn i varmen. Han takka ja til tilbodet om å komme inn, men sette seg så langt unna peisen som mulig. Han fekk eit kort frå kortstokken. Han la kabal.

Vi andre spelte vri åttar, som vi meinte var mykje betre enn vri niar, og åt Fjordland.

Alle var einige om at det hadde vore ein fin dag. Unntatt Per Olaf Lundteigen.

Natti natti.

Dag 2, klokka 0430:
Det er deilig med ferie. Låg og drog meg til langt utpå formiddagen, men var likevel den første som var oppe. Den er sein påske i år, så det er grønt rundt hytta. Eg gjekk ein liten tur og kjende litt på grasrota. Det stakk.

Klokka 0900:
Under frukosten (eit egg på deling, mykje betre enn i fjor, då vi hadde rikelig med mat) diskuterte vi dagens utflukt. Eg, Jonas Gahr Støre, fekk ansvaret for å leie diskusjonen. AP ville gå til ein topp. Senterpartiet ville gå heim. SV ville begge deler. Eg foreslo å utsetje påsketuren til pinse. Etter litt diskusjon blei likevel alle samde om å gå sakte til Egghaugtopphyllenuten, som ikkje er spesielt høg.

Klokka 1800:
No er vi tilbake frå turen. Rett etter frukost smurde vi med raudgrønt og la i veg. Mot Egghaugtopphyllenuten. Unntatt Senterpartiet, som gjekk motsett veg. SV blei sure for at dei ikkje også hadde komme på å gå ein annan veg. Så dei blei ståande.

Då vi nærma oss Egghaugtopphyllenuten, møtte vi Lundteigen. Han ropte at regjeringa hadde ein hemmelig plan om å ikkje gi mat til Senterpartiet når vi kom tilbake til hytta. Vi gjekk vidare.

Vel tilbake på hytta fann vi ein lapp frå Senterpartiet som skreiv at dei hadde reist heim, men at dei likevel var på hytta saman med resten av regjeringa.

Vi andre varma oppatt fjordlanden frå i går og tok eit slag vri seksar. Alle var enige om at det hadde vore ein fin dag. Unntatt Per Olaf Lundteigen.

Denne artikkelen stod først på trykk i Aftenposten 23. april.