Seier ja til strikkhopp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samferdselsdepartementet har torsdag fastsett retningslinjer for behandling av søknader om strikkhopping frå vegbruer.

— Omsynet til trafikktryggleik og god flyt i vegtrafikken gjer at me treng eit slikt regelverk, seier politisk rådgjevar Sigrid Brattabø Handegard (Sp) i Samferdselsdepartementet til Grannar.

Retningslinjene gjeld i dei tilfella der Statens vegvesen skal handsama søknader som omfattar hopping frå bruer på statens vegnett, det vil seia riksvegane. Både privatpersonar og næringsdrivande skal senda søknad om slik hopping til det aktuelle regionvegkontoret i Statens vegvesen.

Når Statens vegvesen seier ja til ein søknad om strikkhopping skal etaten ta atterhald om at politiet ikkje forbyr hoppinga. Statens vegvesen skal dessutan – ved innvilginga av søknaden – gjera søkjaren merksam på plikta til å gi politiet  melding om strikkhoppinga på førehand.

Petter Kvalsvik som I to sesongar har drive strikkhopping frå Trolljuv bru i Åkrafjorden på dispensasjon, seier vedtaket er ein merkestolpe i den langvarige kampen for å få lov å utvikla denne aktiviteten.

— Nå kan me endeleg planlegga langsiktig og gjera større investeringar, seier Kvalsvik til Grannar.

LES SAKA I GRANNAR!