Å resirkulera heime er bortkasta tid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Underskrivne har byrja å resirkulera. Før året er omme, skal alle i Oslo leggja papir ein stad, glas ein annan, boksar ein tredje, plast ein fjerde, mat ein femte og restavfall ein sjette stad. I staden for å eta opp maten etter borna kan vi no med tilsynelatande godt samvit kasta fôret. Nokon der ute har bruk for det. Så då får det heller vera at vi må nytta ein del timar på dette og at renovasjonsavgifta i år gjekk opp frå 1078 kroner til 1487 kroner. Men bak i hovudet til mange av oss som har byrja å resirkulera, sirkulerer eit anna spørsmål: Hjelper det eigenleg å resirkulera? Bergar vi klimaet på denne måten?

Lat oss taka dei positive ny­­henda med ein gong: Ja, resirkulering fører til nedgang i CO2-ut­­sleppa. I 2006 gjennomførde Danmarks Tekniske Universitet ein oversynsstudie av 272 forskingsstudiar om kor effektivt resirkulering var jamført med nedgraving og forbrenningsomnar. Universitetet laga 188 ulike modellar for søppelsortering, måten bos vart samla inn på og så bortetter. I 83 prosent av tilfella var resirkulering grønare enn alternativa.

Men, syner desse og ei mengd andre studiar, resirkulering er aldri samfunnsøkonomisk lønsamt. Bortsett frå aluminium, som alt i dag i Noreg vert samla inn gjennom panteordningar på ølboksar, må forbrukarane i hovudsak subsidiera alle resirkuleringsordningar. Vi må med andre ord «øydeleggja» pengar for å få ein nedgang i CO2-utsleppa. Noreg som nasjon vert fattigare av å resirkulera.

Men såpass bør vi då kunna gjera for å berga miljøet? Noko må vi alle ofra av velstanden for å berga verda? Kanskje, men spørsmålet er om resirkulering er den rette måten å nytta pengane på. For kor store er dei samla CO2-ut­­sleppa frå norsk bos? Kor mykje karbondioksid slepper avfallet ut når det vert brent, nedgrave eller resirkulert? Det har Statistisk sentralbyrå (SSB) rekna ut. Bos i seg sjølv genererer 1 – éin – prosent av dei samla norske utsleppa av skadelege gifter og klimagassar. Tak til dømes papir: Alt det papiret norske hushald nyttar i dag – aviser, printerpapir, bøker – utgjer berre 0,1 prosent av dei totale CO2-utsleppa til norske hushald. Det svarar på si side til dei samla utsleppa frå produksjonen av ni liter mjølk.

Inkje samla oversyn
Ingen i Noreg har eit samla oversyn over kor mykje vi nyttar på resirkulering, på sorteringsmaskiner, på å byggja metangass­generatorar, på å frakta søppel til Europa og Kina – men vi kan trygt gå ut frå at det er mange milliardar. Berre i desse dagar nyttar Oslo meir enn éin milliard på å byggja ein ny bossorteringsstruktur. Om vi i ei perfekt verd fekk resirkulert alt som var mogeleg å resirkulera, altså nytta avfallet til å laga nye ting, om­­dana mat og organisk materiale til gjødsel og metangass, ja, så ville dei samla CO2-utsleppa truleg berre gå ned med nokre få promillar. Det er elles ikkje mogeleg å resirkulera alt.

Men kvifor er dei miljøskadelege utsleppa frå søppel så småe både i Noreg og i andre vestlege land? Av di vi alt i dag har svært effektive skatte- og reguleringssystem, system som om vi skal tru SSB og ei rekkje andre forskingsinstitusjonar verda over, er mykje betre eigna til å få ned CO2-utsleppa enn det resirkulering er.

Unnatak for CO2
Hovudprinsippet bak all regulering og skattlegging er at ulike tiltak og ulike typar skatte- og avgiftspålegg bør gjennomførast slik at dei skader den samla økonomien minst mogeleg. For miljøpolitikken tyder det til dømes at forbruk bør skattast høgt og arbeid lågt. Reguleringstiltak bør fyrst setjast inn der dei kostar minst og har størst positiv effekt. Eit godt døme på ein effektiv politikk er den som produsentar av miljøgifter har møtt dei seinaste tjue åra. Som forskingsleiar Annegrete Bruvoll og fyrstekonsulent Sana Hasane frå SSB i fjor viste i artikkelen «Hvorfor plastgjennvining?» i Samfunnsøkonomen, har utsleppa av langt dei fleste miljøgiftene gått ned med over 90 prosent sidan byrjinga av 1990-åra, og det til ein svært låg kostnad.

CO2-utgjer rett nok eit unnatak her, men om vi ser isolert på forbrenningsomnar for søppel, så har det sidan 1990 vore ein nedgang i utsleppa frå desse på heile 78 prosent. I dag slepper slike hypereffektive omnar ut 0,3 prosent av dei samla norske utsleppa av karbondioksid. Dei samla utsleppa av dioksin frå boshandsaming, som før var eit stort ureingsproblem, har gått ned med heile 98 prosent. Utsleppa av bly har gått ned med 99 prosent, partiklar med 98 prosent. Dette har i liten grad skjedd av di bosselskapa har fått eigne regulering­­ar, men av di norsk næringsliv har vorte pålagt generelle reguleringar. Utslepp er utslepp same kvar dei kjem frå.

Konklusjonen frå Bruvoll og Hasane er klar: «Reduksjonen som eventuelt kan oppnås i forbindelse med avfallsbehandling, kan høyst sannsynlig gjennomføres relativt billigere innenfor de øvrige 99 prosent av utslippene. Man bør stramme til den generelle politikken om reduserte utslipp er en overordnet politisk målsetning.»

Plast
Eit anna vanleg argument er at om vi brukar opp att ting, så slepper vi ut mindre av farlege ting. På ein del område er dette rett, men alt i dag har vi gode ordning­­ar på ein del av desse felta. Aluminium, bilar og ein del elektroniske produkt, til dømes, vert i høg grad leverte inn og er svært lønsame å attvinna. Dette kostar forbrukaren lite eller ingenting. Vi kjøper øl og leverer ølboksen attende til butikken. Nær hundre prosent av dei boksane det i dag er pant på, kjem attende i næringskjeda. Forbrukarane betaler ingenting medan dei som lagar nye produkt tener gode pengar.

LES OGSÅ: Rekord i attvinning

Men slik er det ikkje for dei fleste andre produkt. I dag må vi som bur i Oslo, samla plast i ein eigen pose, som på si side fører til mykje høgre renovasjonsavgift. Plast vert laga av olje, og både oljesektoren og plastproduksjonsselskapa slepper ut miljøgifter. Men båe desse sektorane betaler i dag store avgifter for å sleppa ut desse miljøgiftene, noko som har ført til ein dramatisk reduksjon i utsleppa. Om vi vil ha ein vidare reduksjon av desse utsleppa, har vi altså verkemidlet på plass: Auka avgiftene endå meir. Alt i dag betaler til dømes oljesektoren nær 75 prosent meir for sine CO2-utslepp enn det andre sektorar gjer. Men i staden nyttar vi store summar på plastattbruk, som ikkje er ein særleg vitug metode for å få ned utsleppa og som ikkje gjev incitament til å redusera plastbruken: «Vi konkluderer med at det ikke finnes rasjonell begrunnelse for å bruke økt gjennvinning av plast som virkemiddel for å redusere utslippene i oljesektoren eller utslipp fra produksjon av plastprodukter», skriv SSB-forskarane.

Mindre olje?
Fører så attbruk av plast til at vi tek opp mindre olje? Det vi kan seia sikkert, er at oljen kjem til å verta oppbruka, som igjen tyder at om vi ikkje finn trygge måtar å lagra CO2-på, kan vi i høgda berre utsetja CO2-utsleppa – om vi då ikkje brått finn andre kostnadseffektive energiformer. Dess­utan: I ein marknadssituasjon der det ikkje finst gode alternativ til olje, vil redusert bruk av olje til plast føra til at oljeprisen går ned og dimed gje opning for auka bruk. Attbruk av plast kunne rett nok ha hatt ein funksjon om Noreg eller verda hadde eit overordna mål om å redusera utvinningstakta av olje. Men korkje verda eller Noreg har ein slik politikk. I Noreg produserer vi for harde livet, og det samstundes som vi pålegg forbrukarane å betala for attvinning av plast.

I Noreg svarar den samla år­­lege bruken av plast til 0,3 prosent av alle uttak på norsk sokkel. Det er uråd å attvinna all plast, i 2006 tilsvara den attvunne plasten 3,5 timar med oljeproduksjon, eller 0,04 prosent av det norske oljeuttaket. Så jamvel om det var mogeleg å vinna att all denne plasten, ville effekten vera uviktig. På verdsbasis svarar oljebruken av plast maksimalt til 4 prosent av samla oljeproduksjon, men effekten av attvinning kan aldri verta meir enn promillar. Liknande reknestykke som for plast kan ein gjera for mat: Vi lagar metan av maten, men den hadde kome ut same kva. Produksjonen av metangass frå mat er elles svært dyr og må subsidierast kraftig.

Kvifor?
Kvifor tvingar så politikarane oss til å resirkulera stadig meir, kvifor kverrset dei så mykje av peng­ane og tida vår? Svaret ser ut til å vera enkelt: Dei same politikarane har gjennom ureiningslova påbode at avfallsgebyra frå forbrukarane skal dekkja alle kostnader ved resirkulering. Politikarane kan difor koma med vedtak etter vedtak utan å måtta prioritera innanfor eigne budsjett. Om Stortinget til dømes gjorde vedtak om at dei som treng eldreomsorg, måtte dekkja alle kostnadene sjølve, kan vi vera nokså trygge på at det vart bygt langt fleire sjukeheimar her til lands. Spørsmålet er om våre eldre hadde godteke eit slikt system.

Innanfor dei råmene vi alt har i dag, er det heller ikkje naudsynt at forbrukarane sjølve må sortera. No finst det svært sofistikert teknologi som kan sortera raskt og effektivt. I tillegg kjem det at folk aldri maktar å sortera perfekt, dessutan går det òg ofte hol på posane frå forbrukar til attvinningsverksemdene, så desse må då sortera same kva.

LES OGSÅ: Kunne metta milliard – går i boset

Dette har kommunane sør for Oslo teke konsekvensane av; dei byggjer no eit nytt høgteknologisk sorteringsanlegg, Kretsløp Follo. Dette systemet har ikkje høgre kostnader enn systemet som er innført i Oslo, det er òg meir miljøeffektivt, syner fleire utgreiingar. Men i Follo og omland slepp innbyggjarane i framtida å leggja avfallet i fleire nye og ulike dunkar; det held med éin for papir og éin for resten.

Kvifor?
I eit intervju i internbladet for SSB vert Bruvoll, som er ein aktiv miljøvernar, spurd om kvifor ho trur så mange politikarar vil at forbrukarane skal resirkulera: «Å sortere husholdningsavfall tar lite tid av gangen, og så er vi blitt fortalt at det har stor effekt. Gjenvinning er politisk spiselig og tilfredsstiller folks behov for å gjøre noe konkret og se resultater. Det ligger også en psykologisk effekt her: Vi systematiserer; setter en flaske her og en kartong der, og skaper orden.»

Resirkulerer elles alle i Noreg i dag? Nei, verksemder og friviljuge lag har unnatak frå lovverket. Det har sine CO2-føremoner, det òg. Bilar som komprimerer bos for forbrenning, kan taka med seg ti gonger så mykje søppel som bilar som er laga for å transportera avfall som skal resirkulerast. Samanpressa søppel tek liten plass. Men slike komprimeringsbilar får altså ikkje privatpersonar nytta seg av sidan dei er pålagde å sortera. Matavfallet som vert samla inn i Oslo, vert elles køyrt med trailerar til Sverige, plastavfallet med trailerar til Tyskland, også i framtida.