Bilen din veit kva du har gjort

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste moderne bilar har elektroniske system som lagrar ei mengd data om fart, bremsing og annan køyreåtferd. Tre av fem personar i Noreg kjenner ikkje til dette, viser ein rapport frå Transportøkonomisk institutt.

Undersøkinga har studert korleis personvernet kan trugast når informasjonsteknologi i stadig aukande grad blir tatt i bruk til trafikktryggleik, og dessutan om aksept i folkesetnaden for å ta i bruk slik teknologi.

Rullande datamaskiner
– Bilane blir meir og meir rullande datamaskinar. I dag blir data som blir samla brukte til service. I utlandet, særleg i USA, ser ein at data blir brukte i etterforsking av ulukker og fordeling av skuld. I løpet av dei siste ti åra trur eg det blir meir system på dette, seier forskingsleiar ved Transportøkonomisk Institutt (TØI), Torkel Bjørnskau til Framtida.no.

– Det byrja med registrering av om kollisjonsputa løyste seg ut ved kollisjon, og så har det prosessen gått langsamt vidare.

LES OGSÅ: Køyr bil med tankekraft

Åtferdsdata som fare, bruk av instrument, bilbelte og andre ting blir registrert ofte utan at dette blir opplyst overfor bileigaren. Slike data er òg interessante for politiet eller staten sin havarikommisjon for transport ved etterforsking av ulukker, og det eksisterer firma som er spesialistar på å hente ut slik informasjon. Det danske forsikringsselskapet ALKA tilbyr 40 prosent billegare forsikring til dei som installerer ein svart boks i bilen sin – liknande den som finst i fly – som registrerer ei rekkje data rett før, under og etter ei ulykke.

Automatisk fartstilpassing
Automatisk fartstilpasning kan utformast som såkalla støttande system som varslar føraren dersom fartsgrensa blir brote, eller som gjer det umogleg å overskride fartsgrensa. Dersom det berre blir basert på informasjon frå GPS og dessutan digitalt vegkart med fartsgrenser, eller frå intelligente skilt som kommuniserer med køyretøya, vil det knapt kunne seiast å ha personvernimplikasjonar.

Dersom systemet loggar posisjonar, rørsler og fart, er situasjonen ein annan. I samband med innføringa av slike system i tenestebilene til det svenske Trafikverket og Statens vegvesen i Noreg blir det logga data over brot på fartsgrensa. Men dette blir gjort på gruppenivå og over lengre periodar slik at det ikkje skal vere mogleg å identifisere einskildpersonar.

Positiv haldning
Undersøkinga viser at bileigarar både i Noreg, Sverige og Danmark er positive til innføring av både automatisk trafikkontroll av snittfart og system for automatisk fartstilpassing som varslar bilføraren om dei køyrer for fort. Jo større forståinga er for at fart er ein risikofaktor, di større er aksepten for slike fartsregulerande tiltak.

TEMA: Les meir om trafikktryggleik her!

Bileigarane er mest skeptiske til åtferdsregistratorar som i dag er lite kjent. Tre av fem har ikkje høyrt om dette, noko som inneber at dei færraste er klar over at slike system er installert i dei fleste nyare bilmodellar.

Åtferdsregistrator er det tiltaket som i alle tre land blir oppfatta å gje størst inngrep i personvernet. Bileigarar bør difor i større grad få informasjon om dette og tilgjenge til dei datata som blir registrert, meiner Bjørnskau.

Er du redd for å bli overvaka i trafikken?