Frifond vinn på ny tippenøkkel
Samstundes er det skapt uvisse om finansieringa av andre kulturtiltak for barn og unge, ifølgje LNU.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Frifond vinn på ny tippe- nøkkel
Arbeidarpartiets landsmøte vedtok i helga å gå inn for ei endring i tippenøkkelen, slik at 18 prosent av overskotet skal fordelast direkte til Frifond, Den kulturelle skolesekken og kulturbygg.
Styrkar Frifond
LNU er glad for at Frifond, grunnmuren for lokal barne- og ungdomsaktivitet i heile landet, får ein betydeleg større del av tippeoverskotet. Sterkare økonomi i lokallaga til barne- og ungdomsorganisasjonane vil gjere det muleg med fleire gratisaktivitetar, og ha ein viktig inkluderande effekt.
– Forslaget inneber at i overkant av 200 millionar blir flytta ut frå statsbudsjettet, og at Frifond skal bli tilført brorparten av desse. Det gjer at korps, speidargrupper, miljøorganisasjonar og mange andre kan skape meir, betre og billigare aktivitetar for barn og unge der dei bur, seier leiar i LNU Bjarne Dæhli til lnu.no.
Usikker framtid for kulturen
LNU er likevel uroa over at det største regjeringspartiet vil finansiere eit anleggsløft for idretten gjennom å redusere den totalte kulturdelen av tippeoverskotet frå 36,5 til 18 prosent.
I vedtaket heiter det at kultursektoren ikkje skal bli skadelidande av endringa, og at Kulturløftet skal bli gjennomført etter planen. Kulturløftet går likevel berre fram til 2014, og alle løfte frå dei sitjande regjeringspartia går ut på dato etter stortingsvalet i 2013.
– Reduksjonen gjer ”anleggssituasjonen” for kulturen avhengig av skiftande politiske fleirtal. Medan idretten får ein garanti for utbygging av vedlikehald av anlegg gjennom to tredjedelar av tippeoverskotet, må kulturen gjennom årlege budsjettkampar for å sikre innkjøpsordninga for musikkutstyr, Ungdommens kulturmønstring eller kulturkort for ungdom, fastslår Dæhli.
Automatorganisasjonane bør ut
Han meiner forslagsstillarane gjer opp rekning utan vert når dei framstiller reduksjonen i kulturdelen som ein vinn-vinn-situasjon, der alle er sikra meir enn før.
– For å sikre ei brei og offensiv satsing på kultur i framtida bør eit idrettsløft ikkje bli finansiert gjennom å kutte i kulturdelen, men gjennom ei utfasing av overgangsordninga med tippemiddel til organisasjonane som hadde speleautomatar, avsluttar Bjarne Dæhli i ei pressemelding.
Faktaboks
– Frifond skal gi barn og unge høve til å drive dei aktivitetane dei sjølv ønskjer, uavhengig av økonomi og geografi. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Norsk musikkråd (NMR) og Norsk Teaterråd administrerer og forvaltar støtteordninga på vegne av Kultur- og Kyrkjedepartementet.
– I 2009 delte dei til saman ut 168 millionar kroner.