Kjærleik i fire dagar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Veggavis med kjærleiksdikt, danseframsyning om kjærleiksdikt av Ivar Aasen, utstilling av brurefoto, blogg om ung kjærleik, opningskonsert med søskena Bremnes. Det er noko av det Dei nynorske festspela 2011 byd på i meir enn 50 arrangement på fire dagar med den allsidige forfattaren Bjørn Sortland som festspeldiktar.

– Kjærleik er festspeltemaet i år. Dette er eitt av dei eldste og største tema i litteratur og musikk. Vi tek også opp kjærleiken i språket og til språket. For nokre år sidan kåra VG-lesarane ”kjærleik” til det vakraste ordet på norsk. Alt dette gir eit godt grunnlag for eit mangfaldig festspelprogram, seier programansvarleg Åshild Widerøe i ei pressemelding frå Aasentunet.

Dei nynorske festspela er ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen og blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 23. juni til søndag 26. juni, i år for 20. gong. Programmet inneheld meir enn 50 arrangement, og motivet på festspelplakaten er eit raudt hjarte spidda av Ivar Aasens penn.

Familien Bremnes
Kunstnarfamilien Bremnes pregar festspelprogrammet opningsdagen. 11 år etter fellesplata ”Soløye” er Kari, Ola og Lars Bremnes saman på nokre få scener. I Sør-Noreg gjestar dei berre Dei nynorske festspela, der dei står for opningskonserten. På repertoaret står mellom anna songar skrivne av faren, forfattaren og skulemannen Ole H. Bremnes. Før konserten leier Sigrid Moldestad ein samtale med den vitale 80-åringen frå Svolvær.

Moldestad står sjølv for ein stor utekonsert seinare under Festspela. Også Gunnhild Sundli held ein av sine få konsertar i sommar på utescena i Ivar Aasen-tunet. Det er slik det skal vere, seier Åshild Widerøe: – Mange konsertar, foredrag og samtalar kan gjestene berre oppleve på

Dei nynorske festspela. Festspeldagane møter også den nye direktøren i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, for første gong eit allment publikum.

I tillegg til Bremnes-søskena er to andre søskenpar med i festspelprogrammet. Forfattarsøstrene Guri og Sigrid Sørumgard Botheim tek for seg søskenkjærleik, og brørne Arne og Sjur Hjeltnes viser den humoristiske sida av kjærleiken.

QUIZ: Kva veit du eigentleg om Ivar Aasen?

For første gong satsar Dei nynorske festspela på danseframsyningar. Solveig Styve Holte tek heile Ivar Aasen-tunet i bruk i urframføringa ”Forteljingar” med originaltekstar av Maria Parr, Hilde Myklebust og Fanny Holmin til ny musikk av Magnar Åm. Både tidlegare og noverande elevar er med når Ørsta og Volda ballettskule inviterer til to dansestykke, der det eine er inspirert av kjærleiksdikt av Ivar Aasen.

Brurebilete, dikt og blogg
Publikum blir inviterte til å prege fleire utstillingar på Dei nynorske festspela.

Dei kan sende inn gamle og nye foto av brurepar til ei utstilling av slike foto som blir vist i Aasen-tunet heile sommaren. Dei får også kome med dei beste kjærleiksdikta dei veit om på nynorsk eller dialekt. Desse dikta blir slått opp på ei stor veggavis i Aasen-tunet, og festspelgjestene er med og kårar dei beste dikta. På bloggen Hjarteklapp kan publikum skrive om ung forelsking og kjærleik. Stoff frå denne bloggen blir brukt i den nye temautstillinga ”Hjarteklapp” om kjærleik i ungdomslitteraturen. Sentralt i programmet står også Bodil Cappelen. Ho les dikt av Olav H. Hauge og utdrag frå den brevvekslinga mellom Olav H. Hauge og henne som blei til mange års kjærleik.

Språkforskaren Rolf Theil tek publikum med inn i kjærleiken på eit utval av all verdas språk. I sitt årlege foredrag om Ivar Aasen skildrar Ottar Grepstad menneska i Ivar Aasens liv. Han viser både fram det store nettverket Ivar Aasen hadde og avslører noko frå kjærleikslivet hans som dei færraste har visst om.

To viktige prisvinnarar blir heidra. NRK Nynorsk mediesenter deler ut Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, og Nynorsk kultursentrum deler ut prisen Årets nynorskbrukar 2011 til bloggaren Linda Sæbø.

15 skjønnlitterære forfattarar
Som ein av svært få festivalar kombinerer Dei nynorske festspela litteratur, musikk og biletkunst. Til no er 15 skjønnlitterære forfattarar på plass i festspelprogrammet. Blant dei er både debutantar og prislønte forfattarar som Ragnar Hovland og Lars Mæhle, Olaug Nilssen og Jan Roar Leikvoll.

LES SISTE NYTT OM NYNORSKEN!

– Festspelgjestene blir dei første som får høyre fleire forfattarar lese frå bøker som enno ikkje har kome ut, seier Åshild Widerøe.

Festspeldiktaren Bjørn Sortland er med på eit dusin arrangement og held det prestisjefylte Ivar Aasen-minneforedraget. Der spør han om folk verkeleg les ny norsk barne- og ungdomsbøker. Også ei rekkje andre arrangement er prega av kunst av, om og med born og unge. To tenåringar er jamvel programleiarar under opningshøgtida. Der framfører unge skrivarar tekstar frå eit skrivekurs same dagen i regi av festspeldiktaren Bjørn Sortland.

Faktaboks

DEI NYNORSKE FESTSPELA
•    Ei årleg feiring av nynorsk skriftkultur i Ørsta og Volda siste veka i juni
•    Kvart år gjestar om lag 6000 menneske denne festivalen, som i 2011 blir arrangert for 20. gong
•    Tema er ”Kjærleik”, og festspeldiktar er Bjørn Sortland
•    Av 51 planlagde arrangement i 2011 er 15 gratis
•    Budsjettet for 2011 er på 1,8 millionar kroner

Desse deltek på festspela:
Apeland, Sigbjørn
Aschim, Anders
Austrheim. Matias
Bildøen, Brit
Bitustøyl, Anders
Botheim, Guri Sørumgård
Botheim, Sigrid Sørumgård
Bremnes, Kari
Bremnes, Lars
Bremnes, Ola
Berntzen, Frode
Brunstad, Paul Otto
Cappelen, Bodil
Eikeset, Krisztina
Eikeset, Sigmund
Eikrem, Sivert Aarflot
Ekornes, Kenneth
Førland, Roy Ole
Gjermundrød, Hanna
Greenall, Annjo Klungervik
Grepstad, Ottar
Hall, Anders
Hansen, Atle
Hanssen, Bengt
Haram, Arnfinn
Hareide, Endre
Hjeltnes, Arne
Hjeltnes, Sjur
Holmin, Fanny
Holte, Solveig Styve
Hovland, Ragnar
Hovland, Torkjell
Howitt, Andy
Jensen, Aksel
Kaldestad, Per Olav
Kaldestad, Roald
Kongsness, Ann-Christin
Leikvoll, Jan Roar
Ljones, Andreas
Lødøen, Henrik
Moe, Elias
Moldestad, Sigrid
Myklebust, Hilde
Mæhle, Lars
Nilssen, Olaug
Olafsrud, Ole Andreas
Oltedal, Audgunn
Opsvik, Olav
Persson, Johanna
Petersen-Øverleir, Børge
Rydland, Asbjørn
Sandbakk, Stig
Sande, Hans
Sandvik, Jørgen
Silset, Gjermund
Sortland, Bjørn
Standal, Torgeir
Sterud, Marte Reithaug
Storbekken, Eli
Sundli, Gunnhild
Sæbø barnekor
Sæbø, Linda
Sæbønes, Marthe Storborg
Theil, Rolf
Torstrup, Thomas
Tylden, Rune
Tørrisplass, Terje
Vestrheim, Heidi Marie
Volle, Øyvor
Vonen, Arnfinn Muruvik
Vynikalova, Renata Nagy
Windstad, Martin
Økland, Nils
Åm, Magnar