Nynorsk Litteraturpris 2010 går til forfattar Jan Roar Leikvoll.

Andrea Øien Sæverud, Framtida.no/Elin M. Karlsen, LNK.no
Andrea Øien Sæverud, Framtida.no/Elin M. Karlsen, LNK.no

Ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag på Sand fekk Jan Roar Leikvoll nynorsk litteraturpris, medan Vegard Markhus fekk den nynorske barnelitteraturprisen. Begge fekk prisane for si andre bok.

– Nynorsk litteraturpris 2010 går til ein forfattar som er blitt omtala som ein av dei dristigaste og mest interessante i norsk samtidslitteratur. Roman nummer to frå forfattaren stadfestar denne fråsegna, skriv juryen i grunngjevinga.

Den nynorske litteraturprisen er på 30.000 kroner, og Jan Roar Leikvoll fekk prisen for romanen Fiolinane.

– Historia er svært ubehageleg å lese. Samstundes er ho nøkternt fortald. Incest, grov vald, kannibalisme og nekrofili er ikkje noko forfattaren boltrar seg i, men er skildra i ein finslipt prosa. Slik blir nauda endå meir påtrengjande. Handling kan synast å vere lagd til framtida, men ho har òg drag som gjer at ho kjem nært. Folk bur i skur, et søppel og rotter og somme gonger får dei naudhjelp frå fly, skriv juryen vidare i grunngjevinga si.

Det er Noregs Mållag, Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen. Den vart fyrste gong delt ut i 1982. Vidar Lund og Margunn Vikingstad har sete i juryen.

Biletbokklassikar
Vegard Markhus fekk barnelitteraturprisen for biletboka Timothy mister seg sjølv!.

– Nynorsk barnelitteraturpris 2010 går til ein forfattar og illustratør som fortener å bli oppdaga. Boka som Vegard Markhus har skrive har potensial til å bli ein biletbokklassikar, og bør bli godt motteken av ungar og foreldre uavhengig av kva skriftspråk dei bruker i heimen, heiter det i grunngjevinga frå juryen for Nynorsk barnelitteraturpris.

Også Markhus får prisen for si andre bok.

– Vinnarboka er morosam og overraskande, og både jurymedlemene og ungane våre lo høgt da vi las henne. Vi skrattlo over tissen som ramla under kommoden og øyra som til slutt fekk plass der armane skal vere. Forfattaren har ein enkel, men effektiv måte å fortelje på. Han har illustrert historia si sjølv, og nyttar seg av collageteknikk der enkle strekteikningar gjev eit naivistisk uttrykk. Forfattaren tek opp filosofiske spørsmål på ein lettfatteleg måte. Moralen er underfundig og skaper rom for mange tolkingar, slår juryen fast.

Det er Noregs Mållag som står bak prisen. Den vart fyrste gong delt ut i 1968. Prisen er på 30 000 kroner. Juryen for Nynorsk barnelitteraturpris har vore: Anne Marit Godal, Eva Westvik og Ketil Kolstad.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29
ANNONSE