Datoen du ikkje bør gløyme

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Datoen du ikkje bør gløyme


Fredag 15. april er nemleg søknadsfristen til norske høgskular og universitet. Og skulle du vere ein av dei som 16. april oppdagar at søknadsfristen er ute, så er det inga kjære mor.

– Då er det for seint. Fristen er absolutt, og dei som ikkje klarer å halde den må vente til restetorget opnar 20. juli, fortel informasjonsrådgjevar Pål Kalvsjøhagen i Samordna opptak.

Vanskeleg å gløyme
Britt Mari Engeskar (18) frå Øvre Suldal er russ i år, og har allereie har søkt på studiar til neste år.

– Eg veit kva studie eg vil inn på, så då var det berre å søke tidleg. På fyrsteval har eg sosiologi ved Universitetet i Stavanger.

Ho tvilar på at det er så mange som kjem til å gløyme søknadsfristen.

– Vi som går i tredje klasse på vidaregåande skule blir minna på fristen heile tida av lærarar og rådgjevarar. Og no er det til og med reklame på Spotify om at ein må hugse søknadsfristen.

Alltid etternølarar
Likevel er det kvart år nokon som gløymer fristen og ringer i desperasjon til Samordna opptak, til inga nytte.

Alt håp er likevel ikkje ute, i fjor kunne restetorget tilby ledige studieplassar ved 429 ulike studiar fordelt på 35 studiestader. Alle kvalifiserte søkjarar kan søke på restetorgsplassane, uavhengig om dei har søkt Samordna opptak tidlegare det året eller ei. Men dei mest ettertrakta studia kjem aldri på restetorget.

I fjor var økonomi- og administrasjonsstudiet ved Norges Handelshøyskole i Bergen det studiet flest søkjarar hadde sett opp som fyrsteval. På andreplass kom jusstudiet ved Universitetet i Oslo, etterfølgd av Politihøgskulen i Oslo.

Og dersom du brått kom på at du burde ha sendt inn ein søknad til Samordna opptak, slapp av. Det er enno ei veke igjen til 15. april.