Vil ha raus feiring av språkleg mangfald

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorsk kultursentrum har fått i oppdrag frå Kulturdepartementet å utvikle planar for eit nasjonalt språkår i 2013. Då er det 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd og 100 år sidan Det Norske Teatret blei opna. No skal den unge målpolitikaren Jens Kihl frå Oslo leggje store planar.

– Dette skal bli ei raus feiring av språklege skilnader og mangfald i Noreg, seier prosjektleiar Jens Kihl. – Språkåret 2013 skal femne om både nynorsk og bokmål, teiknspråk, urfolksspråk, minoritetsspråk og innvandrarspråk. Alle som ønskjer å vere med på feiringa, må kjenne seg raust velkomne, seier Kihl.
 
Ferdig plan i januar 2012
Kihl tek til 1. juni og skal samarbeide tett med ei breitt samansett styringsgruppe som Nynorsk kultursentrum oppnemner i nær framtid. Utviklingsprosjektet blir avslutta i januar 2012. Då tek styret i Nynorsk kultursentrum stilling til prosjektplan og prosjektbudsjett, og følgjer opp overfor Kulturdepartementet.

Kulturdepartementet har løyvt 700 000 kr til utviklingsprosjektet. Grunntanken er at Språkåret 2013 skal bidra til å skape større språkleg sjølvkjensle blant nynorskbrukarar og større aksept og respekt for den språkdelte norske kulturen i alle lag av folket. Med grunnlag i nynorsk skal tiltaket handle både om norsk språk generelt og om språk i Noreg. Det er også eit mål å gi Språkåret eit internasjonalt tilsnitt og sjå den norske språksituasjonen i eit større, samanliknande perspektiv.

– Jens Kihl blir rett person på rett plass, og vi gler oss til å sjå han i aksjon, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. –Vi vil halde god kontakt med departementet undervegs i arbeidet. I tida framover blir mange og ulike miljø inviterte til å vere med og gjere noko ingen har gjort før, seier Grepstad i ei pressemelding.

Nynorskbrukar frå beste vestkant
Jens Kihl har vore nynorskbrukar i mange år, men med sin bakgrunn frå Oslo vest kjenner han også bokmålskvardagen frå innsida.
 
Kihl held på med mastergraden i sosiologi og har eit engasjement som prosjektleiar for kommunalpolitisk nettverk i Nei til EU. Han har mellom anna vore leiar i Norsk Målungdom 2007–2009, nestleiar i styret for Noregs Mållag 2010–2011, representerer Noregs Ungdomslag i rådet for Nynorsk kultursentrum, har sidan 2008 vore medlem av den norske UNESCO-kommisjonen, er leiar i Sagene SV i Oslo og har i fleire år vore styremedlem i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar.