Storebror ser deg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva er datalagringsdirektivet?

Det er eit EU-direktiv som blant anna engelskmennene har pressa på for etter bombene i London sommaren 2005. Veldig enkelt handlar det om å lagre informasjon om kven vi snakkar med, der det skjer og kor lengje det skjer. Det skal ikkje registrerast og bli lagra kva som blir sagt. I praksis er det telefoni- og internettleverandørar som skal samle inn og lagre denne informasjonen.

Korleis fungerer det?

I dag samlar mobil- og internettselskap inn informasjon som blir når brukt dei sender ut rekningar til kundane. Denne informasjonen er dei lovpålagt å slette. Med datalagringsdirektivet vil det skje eit paradigmeskifte. Ein går frå sletteplikt til lagreplikt. I utgangspunktet skal informasjonen lagrast i seks månader.

Kva for fordeler vil datalagringsdirektivet ha?

Politiet seier at dei vil ha god nytte av det, og det tvilar eg ikkje på. Dette er viktig i ein del alvorlege kriminalsaker, som i narkotika- eller barnepornosaker. Òg Politiets sikkerheitsteneste seier at dei vil ha nytte av denne informasjonen.

Kva for ulemper vil datalagringsdirektivet ha?

Det vil ha innverknad på personvernet til den einskilde norske borgaren. For å setje det på spissen så blir tanken: Alle i Noreg er potensielle kriminelle og skal difor overvåkast.

Vil ikkje kriminelle og terroristar berre finne måtar å omgå direktivet på?

Jo, eg er stygt redd for at dei smartaste vil kome seg unna. Politiet vil enno fange opp mange, men det er fullt mogleg å kome seg rundt det.

Ein kan til dømes lage mange lag med krypterte samband, via ulike servarar, mellom pcen min og Internett, slik at ein ikkje klarar å spore IP-adressa mi. Ein annan måte er å kjøpe eit kontantkort utanfor EU. Eg kjøper alltid kontantkort når eg er på ferie i Kenya. Det blir jo dyrt, men viss du driv med sal av narkotika har du nok råd til det. Ein kan òg omgå det ved å bruke opne trådlause nettverk.

Alle desse løysingane er ikkje like gode, men datalagringsdirektivet vil nok skape eit behov, slik at det i framtida vil kome betre løysingar for å oppnå anonymitet på Internett og ved bruk av mobiltelefonar. I dag er det mange diskusjonar på nett blant IT-nerdar om korleis ein lett kan kome rundt systemet. Det er ikkje særleg sofistikert.

Kven vil få tilgjenge til informasjonen som blir lagra?

I hovudsak politiet, men òg privataktører som advokatar kan få tilgjenge etter rettskjennelser. Det kan bli ei tøffare tid for fildelarane.

Korleis vil datalagringsdirektivet påverke vanlege folk sine kvardag?

Medan ein tidlegare hadde hustelefonar som var avslått når dei ikkje var i bruk, er dagens mobiltelefonar skrudd på heile tida. Einskilde sender òg ut signal sjølv om dei er avslått. Dermed kan ein med dagens telefonar vita der alle menneske er til kvar og ei tid, føresett at dei har med telefonane.

LES OGSÅ: Vil ha omkamp om DLD

Mange snakkar òg om ein «chilling effect», at ein vil endre oppførsel når ein veit at ein blir overvaka, men det er vanskeleg å måle effekten.

Dette er eit omstridt direktiv i Europa, som i Noreg. I Tsjekkia og Romania har grunnlovsdomstolane avvist direktivet fordi dei meiner det strid mot grunnlovene til landa.

Korleis kan informasjonen lagrast sikkert?

Ein må ha dedikerte system som står på sikre stader med tilgangskontroll. Data vil ikkje bli lagra sentralt, men hos kvar enkelt leverandør. Fordelen er at det lekker mindre når det lekk informasjon, men til gjengjeld lekk det kanskje oftare.

LES SAKA I STUDVEST (på bokmål)!