Kunne metta milliard – går i bosset

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stuart har hjelpt styresmakter, organisasjonar og bedrifter i å redusera mengda av mat som blir kasta. I 2010 var han med på å stifte ”A Taste of Freedom”, eit nyskapande resirkuleringssystem der frukt og grønsaker som elles ville ha vorte kasta bort blir til smoothies og sorbet.

– Gjennom mange slåande døme, viser Stuart korleis enkle endringar av forbrukarar, politikarar og føretak dramatisk kan redusera avfallet. Han understrekar dei skammelige dimensjonane av matdistribusjon, der meir enn ein tredjedel av maten går til avfall i rike land, skriv juryen til Sofieprisen i grunngjevinga for tildelinga av prisen.

Ein milliard underernærte
Det er rekna at kring ein milliard menneske er alvorleg underernærte i verda. Ifølgje Tristram Stuart er maten som blir kasta berre i USA nok til å gje den naudsynte maten til ein milliard menneske.

– Dette er eigentlig veldig enkelt og veldig ukontroversielt. Det vil ikkje kosta deg noko, du vil faktisk spara pengar ved å vera litt meir bevisst. Og når ein ser for seg det enorme søppelberget av mat, samtidig som ein veit at ein milliard menneske ikkje har nok å eta, så vil løysinga tvinga seg fram, seier Stuart til NTB.

Miljøtrussel
Stuart understrekar korleis avfallet av mat er ein miljøtrussel. Dersom produksjonen var skreddarsydd for å passa etterspurnaden, ville netto resultatet bli eit sunnare miljø. Stuart peikar òg på korleis bistand kan investera i lokale bønder og lokal infrastruktur for jordbruktet, slik at maten kan koma frå gard til marknaden før han blir øydelagt.

Sofieprisen er på 100.000 dollar, eller 550.000 kroner, og blei oppretta i 1997 av forfattaren av Sofies Verden, Jostein Gaarder og kona hans, Siri Dannevig.

Kva meiner du kan gjerast for at ein kan sleppa å kasta så mykje mat?

Faktaboks

10 prosent av klimagassutsleppa frå rike land kjem frå mat som aldri blir spist.

Ein fjerdedel av maten som britiske hushald kjøper går i boset.

40 milliardar tonn mat blir kasta i USA kvart år. Det er nok til å metta ein milliard underernærte menneske i verda.

Meir fakta her!