Her er Noregs beste studentbedrift

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er Noregs beste student- bedrift

– Prisen i dag er eit bevis på at det ikkje berre er vi som trur på dette. No skal vi heim å øve på å presentere dette på engelsk, sa Oda Ellingsen, dagleg leiar i Atech SB etter prisutdelinga. Studentane har utvikla ein ny metode for reinsing av lensevatn på maritime konstruksjonar.

 

No ser dei unge entreprenørane etter ein sterk strategisk og finansiell samarbeidspartner i bransjen.

Ideen til studentbedriften fekk studentane då Stig Remøy i Olympic Shipping AS vitja Høgskulen i Ålesund for to år sidan. Han utfordra studentane til å hjelpe rederinæringa med å bli meir miljøvennleg.

Verdspotensial
Atech SB skal dermed representere Noreg på EM i Madrid i juli. Studentbedrifta er òg nominert til Polyteknisk Universitys forretningsplankonkurranse i Hong Kong.

Kitt SB frå Høgskulen i Telemark vart vinnar av Ferdprisen for størst internasjonalt potensial.

Byggingeniørstudentene har utvikla eit klipssystem for spleising av presenningar. Dermed gjekk den andre EM-billetten til studentane frå Porsgrunn.

– Produktet kan nyttast både av profesjonelle og private aktørar, og vi ser det som enkelt å skalere opp denne verksemda til òg å kunne nå ut på det internasjonale marknaden, sa Johan H. Andresen, konsernsjef og eigar i Ferd då han delte ut prisen, ifølgje ue.no.

Det er åttande året Ungt Entreprenørskap arrangerer Norgesmesterskap for Studentbedrifter.  

 

Faktaboks

Beste Studentbedrift 2011:
1. plass: Atech SB, Høgskulen i Ålesund
2. plass: Aufero SB, Høgskulen i Telemark

Ferdprisen – størst internasjonalt potensial:
Kitt SB, Høgskulen i Telemark

Nordeaprisen – beste forretningsplan:
Aufero SB, Høgskulen i Telemark

Manpowerprisen – beste HR-føretak:
TemPro SB, Høgskulen i Telemark

NHO-prisen – best samarbeid med næringslivet
Aufero SB frå Høgskulen i Telemark

Økonomi- og regnskapsprisen:
Hybelkokeboka SB, Høgskulen i Harstad

Innovasjonsprisen:
Kitt SB, Høgskulen i Telemark

Designprisen:
Hybelkokeboka SB, Høgskulen i Harstad