Får ikkje tilpassa undervising
Ekstra flinke elevar får ikkje det dei har krav på.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Får ikkje tilpassa under- vising
Tre år etter at regjeringa opna for at dei beste elevane kunne ta fag på vidaregåande skule, har berre to skular i Hordaland prøvd ut ordninga. Berre åtte elevar har fått bryna seg på pensum frå vidaregåande. Talet for Oslo er 350 elevar, melder NRK.
Ved Skjold skule i Vindafjord i Rogaland har Helge Natteland og sju andre ungdomsskuleelevar fått setje seg inn i matematikk for elevar på vidaregåande skule.
– Når du kjem til dette, så får du nye utfordringar, og då blir det kjekkare, seier Natteland til NRK.
Andreas Borud, påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, meiner fleire flinke elevar bør få prøva seg på pensum frå vidaregåande skule medan dei enno går på ungdomsskulen.