Må grava opp Ivar Aasen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag startar gravearbeidet på Vår Frelsers gravlund i Oslo som kan gje svar på det mange har spurt seg; om Ivar Aasen verkeleg er den ukjente tippoldefaren til Jon Fosse (51).

– Det blir veldig spennande, seier Rolf Køpslirpa, stipendiat ved Arkeologisk institutt ved Universitetet i Oslo, og leiar for utgravinga. Han meiner utgravingstidspunktet er ideelt, no rett før tela i jorda er heilt vekke.

Masterstudentar frå Rettsmedisinsk Institutt får jobben med å henta DNA frå grava til Ivar Aasen. Arvestoffet hans skal samanliknast med ein blodprøve frå den kjente dramatikaren frå Strandebarm.

Reiste til Strandebarm
Dagbøkene til Ivar Aasen gjev korte skildringar av reisene hans. Ein veit difor at han var i Strandebarm i 1844.

Året etter vart oldefar til Jon Fosse, Nils, fødd.

QUIZ: Kva veit du eigentleg om Ivar Aasen?

Rolf Køpslirpa understrekar at han ikkje vil konkludera noko enno.

– Kva meiner du med det?

– Ingeting anna enn at eg ikkje vil trekkja nokon konklusjon før me har fått opp Aasen.

Han viser til at òg Ivar Aasen hadde sine stunder som dramatikar.

– Ungkar, og ungkar
Ivar Aasen er blant dei mest kjente ungkarane som har levd i kongeriket Noreg. Men det er kjent at han i ungdommen òg hadde auge til jentene.

Då han budde hjå prost Hans Conrad Thoresen på Herøy prestegard møtte han tenestejenta Berte Paulsdotter Vike. Ho hadde eit så sjarmerande vesen at ho endåtil klarte å få Ivar til å tenkje på noko anna enn grammatikk. Eller sagt med Aasen sine ord: “Når elsken er heitast, er halve vitet borte.”

Men prost Thoresen klarte å mana Aasen til å fri seg frå den jordiske kjærleiken, og ta eit klokt val for framtida.

Rolf Køpslirpa seier han no skal prøva å finna prov på det motsette.

Det har ikkje lukkast Framtida.no å få ein kommentar frå Jon Fosse enno.

Følg med på utgravinga på webkamera! (Framtida.no tek ikkje ansvar for eksternt innhald)

NB! Legg merke til datoen på kva tid saka blei lagt ut!