Stord kommune ynskjer å kome mobbinga til livs ved å bli pilotkommune mot mobbing.

mm

I fjor fekk Stord kommune Ungdomens førebyggingspris for innsatsen, og no har dei vore i kontakt med Helse- og omsorgsdepartementet for å lufte ideen om eit eige mobbeombud.

LES OGSÅ: 99 prosent braut mobbelova

– Stord gjer allereie ein god innsats på dette området. Vi har ein SLT-koordinator som er høgt og lågt i arbeidet for oppvekstmiljø og mot mobbing. Eg veit Hordaland fylkeskommune òg arbeider for å opprette mobbeombud. Sjølv trur eg vi lokalt vil få ein tettare oppfølging av mobbesaker dersom mobbeombudet har lokal forankring, seier ordføraren til Sunnhordland.

Skriv seg på hatlister i frykt
SLT-koordinator Terje Eriksen har mange stygge døme frå kommunen, og særleg den digitale mobbingen er vanskeleg å få stoppa. Born heilt ned i 5. og 6. trinnet deltek no i slik mobbing på Stord, sjølv om hovedtyngda føregår på ungdomsskulen.

– Dei blir stadig yngre når dei no utstyrast med mobilar og PC'ar. Det er utruleg viktig at foreldra er medvite korleis desse verktøya blir brukt, seier han til bt.no.

KOMMENTAR: Gulrøter eller spanskrør til mobbarane?

Han fortel at i einskilde skolemiljø har born laga hatlister der klassekameratar kan skrive under på at dei hatar ein medelev. Mange skriv seg på lista mest i frykt for at dei sjølv skal havne på lista.

Eriksen trur eit kommunalt mobbeombud kan setje ein stoppar for problemet i samarbeid med skule, idrettsmiljø og politi.

Kva meiner du skal til for å få mindre mobbing i skulen?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE