Blant bloggarane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Universitetet i Bergen (UiB) var i 2006 ein av dei første studiestadane med betalte bloggare, kan Regine Sagstad fortelje. Ho har vore hovudbloggar for studentbloggen Studblogg i vel eit år.

– Studblogg spelar ei sentral rolle i rekrutteringa av nye studentar. Det er ein fin og uformell inngangsport til studenttilveret i Bergen, noko som appellerer til potensielle søkjarar, meiner ho.

Kvardagslivet på nett
Jill Walker Rettberg, professor i digital kultur ved UiB, byrja sjølv å blogga som doktorgradsstipendiat.

– Eg opplevde det som veldig gjevande med det internasjonale nettverket blogginga gav, i tillegg til skrivetreninga eg fekk. Det å få tekstene publisert og å måtte stå for dei, gjorde meg tryggare på mi eiga stemme, fortel ho.

LES OGSÅ: hjartesmil

Rettberg frontar enno universitetslivet gjennom blogging.

– Som nytilsett ved UiB fortsette eg å blogga om forskarkvardagen. Dette er kunnskap som ofte forblir taus fordi det blir skrive lite eksplisitt om det, meiner ho.

LES OGSÅ: Bloggar er Årets nynorskbrukar

Òg for den bergensbaserte motebloggeren Iben Bergstrøm er bloggen først og fremst ein måte å promotera arbeidt på.

– Eg jobbar som stylist, så bloggen blir portfolioen min. Eg tener ikkje pengar på blogginga per dags dato, men forhandlar no fram avtalar, seier ho.

Potensiell gullgruve
Håvard Moljord ved Skatt Vest kan fortelje at kommersialiseringa innanfor blogging har auka betydeleg.

– Omsetnaden til bloggare varierer frå små til sjusiffra beløp i året, seier han.

Ikkje alle er like medvitne når det gjeld skatteytinga som er lik som for vanlege lønnstakarar.

– Spesielt i tilhøve til gåver er det nok noko uvitenheit i tilhøve til kva regelverket krev. Utfordringa oppstår gjerne i utviklinga frå hobby til næringsverksemd, og dei reglane og pliktar som følgjer av dette, forklarar han.

Ingen dans på roser
Karoline Tømde, bloggforskar ved Senter for IKT i utdanninga, peikar òg på negative aspekt ved blogguniverset.

– Blant dei umiddelbare negative konsekvensane er stygge kommentarar.

Det er særleg dei unge bloggarane som er utsett for digital mobbing.

– Det er ein fin balansegang mellom det personlege og det private, og mange har kanskje problem med å forstå der grensa går, trur Tømde

Bloggar Bergstrøm på sida si har berre opplevt positive tilbakemeldingar.

– Eg har faktisk aldri fått ein negativ kommentar.

Samstundes ser ho kva mange bloggarar må tole å lese når dei når eit visst lesartall.

– Folk ser at det er mogleg å tene mykje pengar på blogging, gjennom gåver og reklame. Eg trur det er mykje misunning ute og går.

Viktige rosabloggarar
Tømde meiner likevel ikkje at det er nokon grunn til svartmaling.

– Blogging er ein viktig kanal for einskildindivid. Ein blir ofte kritisert for å vere irrelevant for ålmenta, men faktum er at det sit mange der ute med ekspertkunnskap, som ikkje kjem fram på andre måtar, seier ho.

Dei såkalla rosabloggarane er blant dei som er mykje omdiskutert, men Tømde meiner òg dei har funksjonen sin.

– Det handlar om målgrupper. Du les til dømes ikkje golfmagasin om du ikkje er interessert i golf.

Rettberg er samd.

– Gjennom rosabloggene fòr unge kvinner ei stemme i det offentlege. Eg meiner ikkje at ein skal blogga om alt, men dette er ein balanse ein lærer seg.

LES SAKA I STUDVEST (på bokmål)!