Me får stadig fleire politiske skandalar, men den pågåande FrP-saka vil snart døy ut. Det trur i alle fall professor Tor Midtbø.

Gerd Margrete Tjeldflåt, Studvest.no
Gerd Margrete Tjeldflåt, Studvest.no

1. Kva er ein politisk skandale?

Skandalen er meir enn sjølve overtrampet. Det handlar og om prosessen rundt. Ein stor politisk skandale vert kjenneteikna av at den får brei dekning i mange ulike mediar over lang tid. Dei har ofte følgjetongpreg, og ikkje berre ein syndebukk, men mange. Det er elles to aktørar i ein politisk skandale, politikarane og journalistane. Så lenge media synst noko er ein skandale, er det det.

2. Kva er dei største politiske skandalane nasjonalt og internasjonalt?

Den aller største og første politiske skandalen i Noreg er nok lekkasjesaka i 1971 som førte til at Per Borten måtte gå av som statsminister. (Han lekte fortruleg informasjon om Noreg i forhandlingane om EEC-medlemskap, red.anm.) Saka om Terje Søviknes var spesiell fordi den var vår første sex-skandale, og Tønne-saka då den faktisk førte til at han tok livet sitt. Den var også spesiell fordi politikarar gjekk ut mot media si dekning av saka. Ein kan også nemna Norman-saka, som var spesiell fordi den hadde svært mange element. Først vart det kjent at han hadde vore utru med ein tidlegare statssekretær, så var det kjøp av piano, at han flaug med SAS og ikkje Norwegian sjølv om det var påbode for andre statstilsette, og at han ikkje overheldt røykeforbod.

Internasjonalt er det ingenting som er større enn Watergate-skandalen. Den hadde alt. Presidenten gjekk til slutt av, som den første nokonsinne.

3. Kva kjenneteiknar Birkedal-saka i FrP som politisk skandale?

Eg tolkar den som ein skandale som kjem til å døy ut, for det er ikkje så mykje meir å ta tak i. Det første kapittelet var då han vart avslørt. Men så gjekk han av umiddelbart, og då kunne ein ikkje forfølgja han lenger. Den andre delen var FrP-leiinga som var uklare om dei hadde fått beskjed om dette før. Når ein då fann ut at dei visste, og det kom fram at Siv Jensen hadde snakka usant, vart det ein ny skandale. Det er ofte sånn, at når ein lyg vert skandalen verkeleg stor. Eit meir kjent døme er Clinton i Lewinsky-saka. Men her hadde ikkje FrP-leiinga gjort noko veldig gale i utgangspunktet, og det er lite truleg at denne saka får noko konsekvens for partioppslutnaden.

4. Høyrer visse typar skandalar til spesielle politiske parti?

Eg trur ikkje det. Me har hatt to sex-skandalar i FrP, men det har også vore liknande i andre parti.

ARE KALVØ: Det verste er å ikkje vite

Nokon skandalar vert likevel meir saftige på grunn av partiet politikarane tilhøyrer. Dersom det er stor avstand mellom liv og lære, vert skandalen gjerne større. Dermed ville det vore større dersom ein KrF-politikar sto for ein sex-skandale enn ein FrP-politikar. Det ville også vore større om ein arbeiderpartipolitikar dreiv med skattesnusk enn om andre gjorde det.

5. Kva politiske skandalar har fått mest følgjer?

Ingen har fått langsiktige konsekvensar for partioppslutnaden. Men dersom ein går ned på mikronivå har skandalar definitivt fått følgjer for politikarane sjølve. Mest dramatisk er då Tønne-saka. Eit anna døme er at Søviknes, som eg ser på som ein dyktig politikar, ikkje får innpass i rikspolitikken. Det har nok med skandalen å gjera.

På makroplan kan skandalane redusere allmenn tillit til politikarane. Og det har blitt fleire skandalar, av meir personleg karakter. Dette er ein konsekvens av at politikken blir meir privatisert, og politikarane er opptatt av å vera i media. Summen av dette kan svekka tilliten til politikarane, og det er kjent at etter bruktbilseljarar og eigedomsmeklarar, er det politikarar og journalistar som skårar lågast på tillit i befolkninga.

LES SAKA I STUDVEST!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

Kommentarar

ANNONSE