Å halda ungdommen i bygda

Britt Mari Engeskar
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å halda ungdom i bygda

Når ungdommen er ferdig på vidaregåande, går ofte ferda på ein folkehøgskule, høgskule eller universitet langt borte i frå heimen. Mykje av det ungdommen då opplev er heilt nytt – som det å bu for seg sjølv, ein får nye vener og byrjar på nye studier som gjer at ein får personleg vekst. Men kva skjer så etter utdanninga?

Eg trur ikkje eg har møtt ein einaste vaksen som har sagt at studietida var noko av den kjedelegaste tida i livet sitt. Frå alle kantar, enten om det er frå ordføraren, lærarane eller mor di får du høyra at studietida er fantastisk og at du burde gleia deg og gjera det beste ut av det. Det å flytte heimafrå er kanskje litt turbulent i starten, men det går seg fort til. Økonomien må bli haldt eit godt auge med, klæra må vaskast sjølv og oppvasken må bli tatt før muggelet byrjar å ete seg gjennom oppvaskkummen. Er dette glamorøst? Er det dette ungdommen treng? Ein form for “wake up call”, der ein ser alt drittarbeidet foreldrene faktisk har gjort for ein? Det at tannkremen ikkje mirakulaust vert påfylt når det er tomt, og at osten ikkje kryp automatisk inn i kjøleskapet og ventar på å bli eten?

Ja, studietida kan vera ei tid der ein vert meir kjent med seg sjølv og det livet ein har forann seg som vaksen. For å vera vaksen kan umogleg vera glamorøst. Foreldra dine betalar ikkje lenger mobilrekninga di, og dei fleste pengane du faktisk tener, går meir til skatt, rekningar og ungane. Kva vert det igjen til deg?

Men kva skjer så etter studietida? Når dei fleste er ferdig med utdanninga si, er det rett på jobb-jakt for å finna seg ein jobb. I mine auge er kvar ein då busett seg blir jo då automatisk etter lokaliseringa av jobben. Er jobben i ein by, flyttar ein jo sjølvsagt til byen. Er jobben på bygda – kva gjer ein då? Ein ting er å flytte til ei ny bygd – der får ein nye kollegaer samt nye vener og bekjente. Men kva tenkjer ein gjennomsnittsleg ungdom viss den bygda er heimbygda? Vil dei flytte tilbake då?

For eg trur problemet med at unge flyttar ut av heimbygdene sine er pågrunn av jobbmangel. I dag er det utroleg mange som tek høgare utdanning, og som alle andre treng dei ein jobb. Ein vil jo sjølvsagt ikkje bu i ei bygd der det ikkje er mogleg å få jobb. Men eg trur også det går litt på bygdeimaget. Eg kan heilt ærlig innrømma at det er lite sannsynleg at eg flyttar heim etter at eg er ferdig med utdanninga mi. Ikkje er her jobbmoglegheiter, men det går liksom litt på image òg. Eg kjem frå ei utroleg lita bygd, og no – etter at den lokale nærbutikken vart lagt ned, har me ikkje moglegheiter til å handla. Vil ein ungdom busetja seg her då? Nei! Sjølv om bygda har mange kjekke innbyggarar, er det like folk som bur her på min alder. Vil ein ungdom busetja seg her då?

No har kanskje ikkje litt større bygder det same problemet – men det er mange som slit med dette. Det er heller ikkje alle som føler at dei passar å bu i ei bygd. Dei vil ha tilgong til yoga, pilates og andre rare treningsopplegg, og ha sjansen til å gå på overprisa kaffibar saman med dei oversminka venninnene sine tre dagar i veka. Dei vil ha moglegheit til å svi litt av pengene på kortet kvar einaste dag – for viss dei ikkje har alt dette føler dei at livet ikkje er verdt å leve. Me treng bygdeungdommar i bygdene. Dei som er interessert i å ta i eit skippertak for bygda, hjelpe lokalsamfunnet til å gå rundt og vera ein hyggelig nabo som alle kjenner. For slik er det jo ikkje i byen. Du kan bu i ei blokk utan å kjenne kattedama i oppgongen din eller han som spelar trompet i etasjen over. På bygda kjenner alle alle, og byasar klarer kanskje ikkje å venda seg til eit slikt samfunn. Er dei interessert i privatfred eller har samfunnet berre blitt kaldt?

Men, ein ting kan ein gjerne spørja seg om; viss ungdommen er framtida, men ingen av ungdommen er interessert i å oppretthalda bygde-Noreg? Kva vil skje med landet vårt då? Korleis kan me i det heile tatt få ungdommen tilbake til bygda? Er det via betre jobbtilbud, shoppingtilbud osv? Vert ikkje bygda då ein liten by? Korleis skal me oppretthalde bygdene utan å gjera det om til ein by men på same tid få ungdommar til å etablera seg her?

Denne kommentaren blei først publisert på Mot til å meina-bloggen!