Det verste er å ikkje vite

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Og kva skulle eg svare då?

Eg ante vel ikkje kva eg meinte om denne saka. Korleis skulle eg vite det?

Overgrep? Er det bra eller dårlig? Er eg for eller mot? Eg veit ikkje.

Kriminalitet? Er det positivt eller negativt? Dumt eller smart? Stilig eller teitt?

Og kva med å vite om mulig kriminalitet utan å seie frå? Kva synest eg om det? Synest eg det er tøft? Heilt ok? Forferdelig? Heftig? Feigt? Makalaust?

Eg veit ikkje. Eg anar ikkje. Kven veit vel slikt?

Det var nokre forferdelige dagar i uvisse.

Men så, heldigvis, begynte det å skje noko. På nettet. Og på radio. NRKs kommentator Kyrre Nakkim sa kva han meinte om saka. Og i Dagsnytt 18 på NRK sa VGs kommentator Elisabeth Skarsbø Moen kva ho meinte om saka. Og Kyrre Nakkim. Og i Dagsrevyen seinare same kveld sa Kyrre Nakkim kva han meinte om saka. Og i Aktuelt på NRK endå seinare same kveld sa Dagbladets kommentator Marie Simonsen kva ho meinte om saka. Og Kyrre Nakkim. Og dagen etter såg eg kva VGs andre kommentator Eirik Mosveen meinte. Heldigvis var dette toppsaka på vg.no, slik at eg fekk det med meg. Seinare skreiv Aftenposten.no kva Aftenpostens kommentator Harald Stanghelle meinte om saka. Nrk.no skreiv også om kva Aftenpostens kommentator Harald Stanghelle meinte om saka. Og kva Dagsavisens kommentator Arne Strand meinte om saka. Og Marie Simonsen. Og Elisabeth Skarsbø Moen. Og Kyrre Nakkim. Og i Dagsnytt 18 på NRK seinare same kveld diskuterte Marie Simonsen saka med Kyrre Nakkim.

Det begynte å demre no.

Heilt trygg kunne eg likevel ikkje vere. Men så leste eg i papiravisene at både Harald Stanghelle og Eirik Mosveen meiner det same på papir som på nett.

No var eg sikker. No visste eg kva alle meinte. Og eg visste at dei meinte det fleire gonger, fleire dagar, i fleire medium, både Nakkim, Simonsen, Stanghelle, Moen, Strand og Mosveen: Dei meinte at det ikkje er bra.

Overgrep og kriminalitet? Ikkje bra.

Å vite om slikt og ikkje gå vidare med det? Heller ikkje bra.

Puh.

Endelig kunne eg puste ut. Ta telefonen igjen. Gå ut. Ingen grunn til å vere redd for å møte nokon. No visste eg kva eg skulle meine. Berre eit par dagar tidligare visste eg ingenting. Tenk om eg hadde gått ut då. Og nokon hadde spurt meg: Kva synest du om den Frp-saka?

Eg kunne ha sagt: Den saka synest eg er skikkelig koselig.

Det skulle tatt seg ut.

No veit eg at kriminalitet og hemmelighald ikkje er bra. Det sa kommentatorane. Og det seier dei jo kvar gong det er ein skandale. Det er noko av det eg liker med kommentatorane. Det er ikkje noko vingling. Dei seier alltid det same.

Og då kan ein kanskje tenke at det burde vere mulig å hugse frå gong til gong kva ein skal meine. Men problemet er jo at folk ikkje er spesielt smarte. Vi blir så lett distraherte. Det skal ingenting til før vi mister konsentrasjonen. Plutselig er det vår. Så er det landskamp. Så seier Ari eit eller anna. Vi tenker på alle andre ting. Og så vaknar vi ein dag og har gløymt det. Korleis var dette igjen? Er eg for eller mot politikarar som drit seg loddrett ut?

Vi treng hjelp.

Og heldigvis får vi det. Og heldigvis er alltid kommentatorane heilt enige med kvarandre. Det liker eg også. Elles meiner folk gjerne ulike ting. Det blir eg så urolig av. Kan ikkje folk berre vere enige?

Oi. No skin sola.

Og der glapp det.

Eit sekunds svikt i konsentrasjonen, og no har eg gløymt kva eg meiner igjen.

Og akkurat no les eg nyheita om ein sjukeheim der dei gamle ikkje har fått mat.

Flott! Det var akkurat det eg trengde no. Endå ei nyheit eg ikkje veit kva eg meiner om.

Gamle folk som svelt. Kva synest eg om det? Er det bra eller dårlig? Kanskje er det noko heilt anna? Kanskje er det kult? Eller listig? Eller suggererande?

Det veit vel ikkje eg!

Det er berre å skalke lukene igjen og vente på svar. Eg kan ikkje gå ut no. Tenk om eg møter nokon eg kjenner. Og så seier dei: Las du at gamle på sjukeheim ikkje får mat?

Kva skal eg svare då?

Det var på tide?

Eg veit ikkje. Kven veit vel slikt?

Denne artikkelen stod først på trykk i Aftenposten 26. mars.