Sunn på studentbudsjett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sunn på student- budsjett

– Meir grønsaker, mindre kjøt og ris og pasta er det som skal til for å leve sunt på under 400 kroner i veka.

Det seier ernæringstudent Aslaug Drotningsvik, som har studert dette inngåande. Nyleg kom Helsedirektoratet med dei nye kosthaldsråda for 2011. Drotningsvik fastslår at råda er vel så aktuelle for unge friske studentar som gamle, sjuke overvektige.

– All forsking viser at mange utviklar diabetes og hjarte- og karsjukdommar dersom dei lever usunt over lang tid. Grunnlaget legg ein som ung, poengterer ho.

Ikkje fullkorn
Ernæringsstudenten føreslår å setje opp eit matbusjett, og handle inn stort ein gong i veka.

– På denne måten unngår du usunne impulskjøp som ein eigentleg ikkje treng.

Drotningsvik har klare prioriteringar på kva som er verd å bruke stipendkronene på og ikkje.

– Det er urealistisk med til dømes fullkornspasta og karbonadedeig og ferskt raudt og kvitt kjøt for eit studentbudsjett, seier ho.

Drotningsvik anbefalar i staden litt vanleg pasta, litt kjøtdeig og mykje grønsaker og frysevarer, gjerne billegmerkene.

Sunt nok på SiB
Maten ein kan kjøpe i SiB-kantinene er sunn nok, men det er mykje å spare på ei matpakke, poengterer Drotningsvik.

– Havregraut og grovt brød med mager ost er kjempeflott. Er ein middagsvolten er det lettvint og billeg å ta med salat eller omelett.

Ho understrekar likevel at det er lov å senke skuldrene og kose seg.

– Ein må ikkje bli fanatisk, verken med pris eller kosthald. Det skal vere ein livsstil ein kan leve med heile livet. Då nyttar det ikkje å pine seg sjølv.

Grønsaker viktigast
Aslaug Drotningsvik får støtte av ernæringsfysiolog Mari Helen Kårstø på Haukeland universitetssjukehus. Grønsaker er det aller viktigaste.

– Grønsaker skaper eit variert kosthald. Viss ein fokuserer på det, treng ein ikkje tenke så mykje på alt ein ikkje kan ete, seier ho.

Ernæringsfysiologen nemner også frysevarer, samt havregryn, rosiner, nøter og hermetiske tomatar som døme på rimeleg og sunn mat, men legg til:

– Samanliknar vi dei sunne varene med ein halvliter øl, blir det meste rimeleg. Det handlar om prioritering.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

KOSTHALDSRÅDA FOR 2011
    * Fem porsjonar grønsaker, frukt og bær kvar dag.
    * Grove kornprodukt kvar dag.
    * La magre meieriprodukt vere ein del av det daglege kosthaldet
    * Et fisk til middag to til tre gonger i veka. Bruk også gjerne fisk som pålegg
    * Vel magert kjøt og magre kjøtprodukt. Begrens mengda bearbeida kjøt og raudt kjøt.
    * Vel matoljer, flytande margarin og mjuk margarin, framfor hard margarin og smør
    * Minst mogleg salt.
    * Unngå mat og drikke med mykje sukker til kvardags.
    * Vel vatn som tørstedrikk.
    * Ha ein god balanse mellom kor mykje energi du får i deg gjennom mat og drikke, og kor mykje du forbruker gjennom aktivitet
Kjelde: Nasjonalt råd for ernæring

MIDDAG EI VEKE FOR OM LAG 300 KRONER
Drotningsviks middagsplan
    * Måndag: Eitt kyllinglår utan skinn med litt ris og mykje salat
    * Tysdag: 100 gram kjøtdeig i tomatsaus med grønsaker og spaghetti.
    * Onsdag: Seitaco med salat, heimelaga salsa av hermetisert tomat og lauk og tortilla.
    * Torsdag: 100 gram kjøtdeig og wokgrønsaker.
    * Fredag: Kyllingwok.
    * Laurdag: Laksefilét med fløtesaus, grønsaker og båtpoteter i omnen.
    * Søndag: Pizza med 200 gram kjøtdeig, lauk, sopp, gulrot og squash som fyll.