Professor fekk nei frå universiteta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Professor fekk nei frå univers- iteta

– To land i verda har nekta å opna universitetsdørene for meg. Det eine var Sør-Afrika då eg forsvara Nelson Mandela, det andre er Noreg av di eg kan tilby eit anna syn på Israel enn det som er det rådande, seier Alan Dershowitz til Dag og Tid.

Den amerikanske jusprofessoren Alan Dershowitz seier at FN er verre enn ein vits når det gjeld Israel.

– FN er ein tragedie
Denne veka har han vore i Noreg for å tala ved Oslo Symposium 2011, som vert tilskipa av sionistrørsla Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem (ICEJ). Dershowitz har tilbode dei tre universiteta i Oslo, Bergen og Trondheim gratis førelesing­ar om Israel og folkeretten. Alle takka nei til førelesingane, men studentforeiningar ved dei ulike universiteta har opna dørene for Dershowitz, som har drege fulle hus på alle tre stadene.

– Eg har halde føredrag om Israel og folkerett ved universitet i Storbritannia, i Moskva, i Beijing, i ei rekkje land i verda og på over femti amerikanske universitet, men noko slikt vil professorane i Noreg altså ikkje ha, konstaterer Dershowitz.

Dei fleste lesarane av Dag og Tid veit medvite eller umedvite kven Dershowitz er: I 1967 var han med på å skriva den vidgjetne resolusjon nr. 242 der Tryggjingsrådet bad Israel draga seg attende frå dei okkuperte områda og den arabiske verda om å godkjenna Israel som stat. Han var forsvararen til milliardærarvingen Patty Hearst i 1974. I 1975 forsvara han Harry Reems, som spela i pornofilmen Deep Throat, og Dershowitz medverka såleis til å gjera hardporno lovleg i USA. I 1984 fekk han frikjent Claus von Bülow for drap, som det vart laga film av. I 1995 var han med i forsvaret av O. J. Simpson i 1995. Lista av kjendisar og andre han har fått frikjende, er svært lang.

Dershowitz vart i si tid, åtteogtjue år gamal, den yngste jusprofessoren nokon gong ved Harvard University. I USA vert han rekna som den kan henda fremste forkjemparen for ytringsfridom og rettvis strafferett. Han har òg skrive ei rad bøker om Israel og folkeretten. I Europa nyttar mellom anna BBC han jamt når Israel skal forsvarast. Dershowitz har òg forsvara nynazistar og hevdar at alle har full ytringsfridom. Newsweek har omtala han som «USAs fremste forsvarar av rettane til einskildindividet». Der­showitz er tvillaust den mest vidgjetne jusprofessoren i Nord-Amerika. Han er òg rekna som ein av dei fremste polemikarane i USA. Dershowitz kallar seg elles sekulær jøde.

– Ingen ytringsfridom
Men med Dag og Tid vil han helst berre tala om Israel og Noreg.

– For meg ser det ut som ulike leiarar ved dei tre store universiteta i Noreg er redde for at studentane deira skal få høyra båe sidene om konflikten mellom Israel og arabarverda. Konsensusen her til lands verkar heilt klårt å vera mot Israel, og denne konsensusen ynskjer ikkje universitetsleiarane å bryta opp.

– Men kvifor skal universitetsleiingane opna dørene for ein einsidig forsvarar av Israel?

– Det er eg ikkje. Eg er ven både av palestinarane og israelarane. Heilt sidan 1967, då eg var med på å skriva 242, har eg gått inn for ei tostatsløysing og tilskiping av ein palestinsk stat på dei okkuperte områda. I 1973 skreiv eg under på ei fråsegn som sa at Israel ikkje skulle byggja busetjingar på Vestbreidda. Eg har ved ei mengd høve kritisert Israel, men eg er altså for kontroversiell til å verta invitert av dei tre universiteta, og det medan dei mest ekstremistiske kritikarane av Israel, folk som ikkje godtek Israels rett til å eksistera og kallar Israel ein apartheidstat, vert inviterte.

Særskilt rasande er Dershowitz på det som har gått føre seg ved NTNU i Trondheim, som hausten 2009 skipa til ein konferanse med ei rad internasjonale førelesarar som ikkje aksepterer Israel som stat i si noverande form, og som styrehandsama eit framlegg om akademisk boikott av Israel.

– Det er noko grunnleggjande gale med den akademiske fridomen og ytringsfridomen i universitetssystemet dykkar. 119 akademisk tilsette ved universitetet i Trondheim signerer eit skriv som tek til ords for ein kulturell og akademisk boikott av jødar ved universiteta i Israel, men ikkje tilsette som er kristne og muslimar. Dette oppropet er ikkje eit opprop mot okkupasjonen av 1967, men mot Israels rett til å eksistera. Desse personane hevdar faktisk at okkupasjonen starta i 1948, ved daninga av staten Israel. No har universiteta teke dette eit steg vidare, dei boikottar amerikanske professorar som har eit moderat forsvar av Israel. Dette er eit åtak på ytringsfridomen.

Nøgd med studentane
– Men du vart då invitert av studentane då dei høyrde at du ikkje skulle førelesa om Israel?

– Og takk og lov for det. Studentane skal vera stolte av seg sjølve. Dekanusen ved jus i Bergen «kunne» derimot ikkje møta meg, men interessant nok så bad han meg, før eg kom til Bergen, om å halda eit føredrag om O. J. Simpson-saka, men då under føresetnad om at eg ikkje skulle nemna Israel. Ikkje eingong eg er så hyperintelligent at eg kan laga ei førelesing om O. J. Simpson og påverknaden han har hatt på fredsprosessen i Midtausten. Eg avviste sjølvsagt tilbodet. Eg er i Noreg for å tala om Israel, ikkje for å tala om O. J. Her er eg som ekspert på internasjonal lov.

LES SISTE UTANRIKS-NYTT!

– Men kan ikkje avvisinga handla om at Noreg er eit lite, provinsielt land? «Kven er denne Dershowitz?»?

– Det har eg inga tru på. Eg er meir kjend i Noreg enn det Ilan Pappe er (Pappe er fyrsteamanuensis i Exeter og har teke til ords for ein sams palestinsk stat mellom jødar og arabarar, red.merk.), som er éin av ei rad Israel-hatar som har vore inviterte til å halda førelesing ved Universitetet i Trondheim. Eg får som regel svært godt betalt for å halda førelesingar verda over. Her tilbaud eg gratis førelesingar. For å seia det slik: Eg er neppe avvist av di eg er ein obskur fyr, og om eg er ukjend, kvifor har alle desse hundrevis av studentane vilja lytta til meg?

Ikkje ein domstol
– Men sanninga er vel òg at du ikkje har internasjonal rett på di side? Du har sagt at den israelske muren er lovleg. Den internasjonale domstolen i Haag har dømt han ulovleg. Hundre og femti land i FNs hovudforsamling har bede Israel om å fjerna muren.

– Sjølvsagt er muren, eller tryggjingsbarrieren som han bør kallast, lovleg. Den israelske høgsteretten dømde denne veka ein tidlegare president, Moshe Katsav, til sju års fengsel for valdtekt. Han vart elles dømd av to kvinner og ein arabar. Den israelske høgsteretten er altså ein verkeleg domstol. Den har sagt at barrieren er lovleg så sant han berre er bygd av tryggjingsgrunnar og ikkje vert nytta til å taka land.

– Men han tek land
– Ja, men berre av tryggjingsgrunnar. Alle statar har rett til å taka land av legitime tryggjingsgrunnar. Går Sverige til åtak på Noreg, har Noreg i sin tur rett til å taka land frå Sverige og der byggja ei Maginot-line (det franske forsvarsverket mot Tyskland, red.merk.), som Frankrike bygde mellom den fyrste og den andre verdskrigen. Kva land var sjefsdomaren ved Den internasjonale domstolen frå då avgjerda mot Israel kom? Kina. Denne personen var ein av dei som slo ned opprøret på Himmelfredsplassen i Beijing. I Kina er det åtte hundre tryggjingsbarrierar, eg treng berre å seia Tibet. Likevel var denne fyren frekk nok til ikkje å nemna alle dei kinesiske gjerda og murane, men konsentrerte seg berre om Israel. Barrieren i Israel bergar liv. Terroråtaka har gått ned med 97 prosent.

Verre enn ein vits
– Men det er altså ein internasjonal domstol i regi av FN som har sagt at muren er ulovleg.

– «Domstolen» i Haag er ikkje ein domstol, ingen bør lata seg forvirra av namnet. Domarane representerer ikkje seg sjølve, dei gjer det regjeringane i heimlandet vil at dei skal gjera. Eric Posner, som er folkerettsprofessor ved University of Chicago, har gjennomført ein studie av «domstolen» i Haag. Han analyserte alle dei store sakene han har dømt i. I over 95 prosent av sakene dømde domarane i samsvar med den politikken som heimlandet ynskte skulle verta gjeldande. Dette er ikkje ein domstol, ein domstol dømer på basis av individuell fridom, domarane skal berre representera seg sjølve. Denne kinesaren tek heilt openbert imot ordrar frå Beijing. Den russiske domaren tek imot ordrar frå Moskva. Det er elles eitt land som aldri har fått høve til å utnemna ein domar til Haag. Kva land er det? Israel. FN-systemet fungerer ikkje når det gjeld Israel.

– Det du seier, er at FN er ein selskapsvits?

– Det seier eg ikkje, FN er mykje verre enn nokon vits. FN er ein tragedie og sjukleg opptekne av Israel. Sjå på det såkalla «Menneskerettsrådet»: Halvparten av tida si har dei nytta på å fordøma Israel. Før den siste uroa, kor mange gong­er hadde dei til dømes fordømt Libya, som har vore sentrale i rådet, medan Israel aldri har fått vera med? Ingen. Det er patetisk. Medan Pol Pot drap millionar, var FN opptekne av røysta over spørsmålet om sionisme er det same som rasisme.

– Kva skal til for at vi får eit fungerande internasjonalt rettssystem?

– Skal det byggjast ei reell internasjonal lov, må ho vera bygd på tre kriterium: 1) Ho må vera nøytral. Altså må ein internasjonal domstol koma til den same avgjerda om det same temaet, og det same kva land det gjeld. 2) Domstolen må vera føre­seieleg. Vi må på førehand vita at domane alltid vert dei same. 3) Han må døma på ein måte som er praktisk gjennomførleg, han må gje alternativ. I saka om Israel og barrieren må han fortelja kva Israel skal kunna gjera i staden for å byggja ein barriere. Ingen land skal akseptera nedslakting av eigne innbyggjarar. Vi har ein internasjonal domstol som fungerer i dag – Den internasjonale straffedomstolen. Kvifor fungerer han? Av di han ikkje er ein FN-domstol.

Universiteta svarar
Dekanus Asbjørn Strandbakken ved Universitetet i Bergen seier til Dag og Tid at han ikkje ser på Dershowitz som ein folkerettsekspert, men som ein ekspert på amerikansk straffelov.

Sosiologiprofessor Arild Blekesaune var den som sa nei på vegner av NTNU i Trondheim. Han fortel til Universitetsavisa at saka var diskutert på eit leiarmøte, men at dei kom til at dei ikkje ville takka ja. «Konklusjonen var at det ikke var interesse for å invitere Der­showitz. Israel og folkeretten er et kontroversielt og betent tema, som ikke lenger kan ses på isolert og rent faglig. Til det er det gått for mye politikk i det.»

Internasjonal rådgjevar ved Universitetet i Oslo Svein Hullstein seier dette om kvifor UiO takka nei:

– Vi får haugevis med tilbod om internasjonale førelesarar. I vår var programmet fullt. Meir er det ikkje å seia om den saka.

LES SAKA I DAG OG TID!