Vårt etiske ansvar

Anders Linga
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Me lev i ei tid der skilnadene mellom rike og fattige vert stadig større. Millionar døyr av svolt kvart år. Samstundes går diskusjonen i Noreg på kor billeg det er mogleg å få daglegvarene våre. Og for all del, eg tykkjer også det er kjekt med rimelege gulrøter, men av og til hadde eg ønskt at ein kunne teke den norske matdiskusjonen eit hakk vidare.

Etter mitt syn har også Noreg eit etisk ansvar for å produsera mat, sjølv om me har råd til å lata vera. Alt tyder på at folketalet på jorda kjem til å auka kraftig, og alle dei nye verdsborgarane treng mat. Det betyr i praksis at globalt må matproduksjonen aukast kraftig.  Difor vert det etter mi meining heilt feil dersom me i Noreg skal kutta vår eigen produksjon, for så å kjøpa maten ut av munnen på dei som treng han aller mest.

Litt av problemet her til lands er at mykje av den beste landbruksjorda ligg tett opptil dei største byane. Det betyr at denne jorda er under konstant press frå andre interesser, som til dømes vil byggja bustader eller driva med andre næringsinteresser. For all del, det er på ingen måte feil å byggja bustadhus, men eg kunne tenkt meg ein større diskusjon rundt kor desse skal byggjast. Mykje kan løysast ved hjelp av betre byplanlegging og større grad av fortetting, i framtida må ein rett og slett byggja smartare enn ein gjer i dag.

Det nærmar seg kommuneval og det er kommunane som i praksis bestemmer over framtida til desse områda. Eg kunne difor tenkt meg eit større fokus på dette temaet i tida framover. Eg har full forståing for at alle byar og tettstader ønskjer å utvikla seg vidare, men i blant kan det vera lurt å tenkja over om ein uhemma vekst rundt byane alltid er bra. For at me skal kunna ta vårt etiske ansvar som matprodusentar er det i alle fall ikkje det.