Ni av ti vel vekk born med Downs

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste ti åra har om lag 90 prosent av gravide som får påvist Downs syndrom hos fosteret, valt å ta abort. Det viser nyleg offentleggjorde tal frå Medisinsk fødselsregister i Bergen.

– Av gravide som får fosterdiagnostikk og påvist Downs, vel om lag 90 prosent å bryta svangerskapet, seier assisterande avdelingsdirektør Kari Klungsøyr ved Medisinsk fødselsregister til Stavanger Aftenblad. Sidan dei byrja å måla i 1999, har dette talet vore stabilt.

Arbeidarpartiet ønskjer å tilby å alle gravide ultralyd frå veke tolv, men spørsmålet om rutinemessig ultralyd er omstridd. Motstandarane av ordninga fryktar at det kan føra til at fleire gravide får påvist Downs syndrom eller misdanningar hos fosteret og difor vel å ta abort.

I dag er det berre kvinner over 38 år som får tilbod om tidleg ultralyd og fostervassprøve, og dei fleste som føder barn med Downs syndrom, er under 38 år.

Det blir likevel fødd fleire barn med Downs enn det blir abortert i Noreg. I 2008 blei det fødd 68 barn med Downs, men Klungsøyr trur det vil snu dersom vi innfører tidleg ultralyd og vidare undersøkingar av mor. I Danmark blir det nesten ikkje fødd born med Downs etter at Folketinget opna for screening av alle gravide frå veke 12 i svangerskapet.

Kva synst du om forslaget? Er dette vegen til sorteringssamfunnet? Eller bør det vera opp til kvar einskild å bestemma?